John, I'm Only Dancing (Again)
John, I'm Only Dancing (Again) Singel av David Bowie | ||
B-side |
John, I'm Only Dancing | |
---|---|---|
Utgjeve | 7. desember 1979 | |
Innspelt | Sigma Sound Studios, Philadelphia; August 1974 | |
Sjanger | Disco | |
Lengd | 6:57 (12"-versjon) 3:26 (singelversjon) | |
Selskap | RCA BOW 4 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
«Look Back in Anger» (1979) |
John, I'm Only Dancing (Again) | «Alabama Song» (1980)
|
«John, I’m Only Dancing (Again)» er ein song av David Bowie. Songen var ei nyinnspeling av songen «John, I’m Only Dancing» frå 1972, spelt inn under Young Americans-innspelinga.
Han vart gjeven ut på singel etter å ha lege på hylla i fem år. Songen er langt meir funkaktig og har visse likskapar med songen «Stay» spelt inn for Station to Station i 1976. Songen var opphavleg 6:57 lang, men vart redigert ned for singelutgjevinga. Den fulle versjonen vart gjeven ut på ein 12"-singel, den første Bowie-singelen som fekk ei 12" utgjeving i Storbritannia. For B-sida valde ein originalversjonen av «John, I'm Only Dancing» i ein ny miks. Etter heller skuffande sal av singlane frå Lodger, gav denne singelen Bowie noko meir merksemd. 12" versjonen vart seinare gjeven ut som bonusspor på Young Americans.
Omarbeidinga av «John, I'm Only Dancing» tar ikkje med dei originale versa, og berre refrenget er att. Den nye teksten omhandlar dansing og var i discoanda som var på denne tida. Refrenget vert levert meir langsamt med danserytmar i staden for blues-rytmen frå originalen.
Innhald
endre- Alle songar av Bowie
7": RCA / BOW 4 (UK)
endre- «John, I'm Only Dancing (Again)» – 3:26
- «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43
7": RCA / 11886 (US)
endre- «John, I'm Only Dancing (Again)» – 3:26
- «Golden Years» - 4:03
7": RCA / 11887 (US)
endre- «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43
- «Joe The Lion»
12": RCA / BOW 12 4 (UK)
endre- «John, I'm Only Dancing (Again)» – 6:57
- «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43
Medverkande
endre- Produsentar:
- Tony Visconti på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- David Bowie, Ken Scott på «John, I'm Only Dancing (Remix)»
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, gitar, piano
- Carlos Alomar: Gitar på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- Willie Weeks: Bass på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- Andy Newmark: trommer på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- Mike Garson: Piano på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- David Sanborn: Saksofon på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- Larry Washington: Conga på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- Luther Vandross, Robin Clark, Ava Cherry: Korvokal på «John, I'm Only Dancing (Again)»
- Mick Ronson: Gitar på «John, I'm Only Dancing (Remix)»
- Trevor Bolder: Bass på «John, I'm Only Dancing (Remix)»
- Mick Woodmansey: trommer på «John, I'm Only Dancing (Remix)»
Andre utgjevingar
endre- Songen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Young Americans i 1991, og igjen på Collectors Edition av albumet i 2006.
- Songen finst på samlealbuma:
- The Best of 1974/1979 (1998)
- Changestwobowie (1981)
- Singelversjonen finst på Rare.
Andre versjonar
endre- Creem - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (listed on the album as John, I'm Only Dancing)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John, I'm Only Dancing (Again)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5