Minnetavle med eit sitat av John Barbour utanfor det skotske forfattarmuseet i Edinburgh.

John Barbour (kring 132013. mars 1395) var ein skotsk diktar, kjend som den føste større diktaren til å nytta låglandsskotsk (skotsk). Barbour skreiv eit stort epos, The Brus (The Bruce) om den skotske fridomskampen under Robert Bruce.

LivEndra

 
Mynt med Robert II av Skottland, den kongelege mesenen til Barbour.

John Barbour kan ha blitt fødd rundt 1320 om nedteikninga av alderen hans som 55 i 1375 er rett. Fødestaden hans er ikkje kjend, men både Aberdeenshire og Galloway gjer krav på han.

Barbour opptredde først i historiske kjelder i 1356, då han blei forfremja til erkdiakon i Aberdeen frå ein post han hadde hatt i under eit år ved domkyrkja i Dunkeld. Frå dette har ein slutta at han også var til stade i pavestaden Avignon i 1355.[1] I 1357, då David II kom tilbake til Skottland frå eksil og igjen verka som aktiv konge, fekk Barbour eit brev som gav han trygg ferdsle gjev England til Universitetet i Oxford. Han studerte ved Oxford og i Paris.

Etter av David II døydde i 1371 tente Barbour ved hoffet til Robert II i fleire ulike stillingar. Det var på denne tida han dikta The Brus. I 1377 fekk han ti pounds Scots i gåve for dette, og frå 1378 ein livspensjon på twenty shilling.

Den einaste biografiske kunnskapen om dei seinær åra hans kjem frå signaturen hans som vitne i Register of Aberdeen i 1392. Ifølgje nedteikningar i St Machar-kyrkja i Aberdeen døydde han 13. mars 1395. Barbour sytte for å få sagt messer for seg sjølv og foreldrene sine i kyrkja, og dette blei gjort i St Machar-kyrkja fram til reformasjonen.

KjelderEndra

  1. A.A.M.Duncan (ed.), The Bruce Canongate Classics, 1999 edition. "Introduction", pp.2-3