John Elieson

norsk politikar

John Collett Postumus Elieson (21. februar 181027. mai 1876) var ein norsk prokurator, embetsmann og stortingsmann. Han var son av Peter Elieson.

John Elieson

Fødd21. februar 1810
Rygge
Død27. mai 1876 (66 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, jurist
FarPeter Elieson
BarnEivind Karsten Elieson
Alle verv

Elieson var fødd i Rygge i Østfold. Han vart student i 1828 og cand. jur. i 1832. Deretter var han tilsett i finansdepartementet frå 1834, og fungerte 1836-39 som sorenskrivar i Øvre Telemarks østfjellske distrikt. Frå 1839 til 1859 var han underrettsprokurator i Drammen. I denne perioden var han ordførar i byen i fleire år.

Elieson var stortingsrepresentant for Drammen 1845, 1848, 1854, 1857, 1858, 1859-60. I 1845 var han mellom anna sekretær i Odelstinget og i lovkomiteen. Både i 1848 og 1854 var han sekretær i Stortinget. I 1854 var han også formann i justiskomite nr 1. Han var president i Odelstinget 1857 og 1859-60, visepresident i 1858. Formann i protokollkomiteen i 1859-60.

I 1859 vart Elieson utnemnd til sorenskrivar i Toten. Dette embetet hadde han til døydde på Toten i 1876.

Kjelder endre