John Alvheim
John Ingolf Alvheim (21. mai 1930–5. desember 2005) i Øygarden i Hordaland, var ein norsk politikar i Framstegspartiet. Han var innvald på Stortinget frå Telemark frå 1989 til 2005, i perioden 1997-2005 var han leiar av Sosialkomitéen. Han var vararepresentant 1973-1977 for KrF.
John Alvheim | |||
Fødd | 21. mai 1930 Øygarden kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 5. desember 2005 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti (1960-åra; 1970-åra), Framstegspartiet (1970-åra; 2005) | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Alvheim var utdanna anestesisjukepleiar og diakon og hadde økonomisk-administrativ tilleggsutdanning.
Då han vart innvald på Stortinget, var han direktør ved Notodden sjukehus, ei stilling han hadde hatt sidan 1987. Alvheim vert rekna som ein av dei fremste helsepolitikarane Noreg har hatt, også blant sine politiske motstandarar.
I 2000 fekk Alvheim mykje merksemd i media etter ei reise på Cuba der han roste det kubanske systemet. John Alvheim døydde i 2005. Same året kom det ut ein biografi om livet hans, skriven av Arvid Møller, som fekk tittelen Alvheim.