John Robert Schrieffer

amerikansk fysikar

John Robert Schrieffer (fødd 31. mai 1931) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Schreiffer mottok Nobelprisen i fysikk i 1972 saman med John Bardeen og Leon Cooper «for den felles utviklinga deira av teorien om superleiareigenskapen, mest kjend som BCS-teorien.

John Robert Schrieffer

Fødd31. mai 1931 (93 år)
Oak Park
Død27. juli 2019
Tallahassee
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk, superleder
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Illinois i Urbana-Champaign
Florida State University
University of Birmingham
University of Pennsylvania
University of California, Santa Barbara
Los Alamos National Laboratory
Exxon Research & Engineering Company
University of Chicago
Alma materMIT
University of Illinois at Urbana-Champaign
DoktorgradsrettleiarJohn Bardeen
MedlemNational Academy of Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
American Philosophical Society
American Physical Society

Etter uteksamineringa frå Eustis High School i 1949 vart han tilsett ved Massachusetts Institute of Technology der han i to år jobba med elektroteknikk før han bytta til fysikk i sine yngre år. Han fullførte ein Bacheloroppgåve under John C. Slater i 1953. Schrieffer følgde ei interesse for faststoffysikk og byrja ved University of Illinois at Urbana-Champaign, der han vart kort tid etter vart tilsett som forskingsassistent til John Bardeen. Etter å ha jobba seg fram til eit teoretisk problem med elektrisk ladning på halvleiaroverflater var Schrieffer eit år i laboratoriet der han overførte teorien til fleire overflateproblem. I sitt tredje år slutta han seg til Bardeen og Cooper i utviklinga av teorien for superleiing.

Kjelder

endre