John Wyndham Parkes Lucas Beynon Harris (10. juli 190311. mars 1969) var ein britisk science fiction-forfattar som hovudsakleg var kjend under namnet John Wyndham. Tidleg i den skrivande karrieren sin brukte han forskjellige namnekombinasjonar, som John Beynon og Lucas Parkes. Boka The Outward Urge blei gitt ut med to namn: John Wyndham og Lucas Parkes, som om han var to forfattarar i samarbeid.

John Wyndham

Pseudonym John Wyndham, John Beynon, Lucas Parkes
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. juli 1903
Dorridge
Død

11. mars 1969 (65 år)
London

Yrke science fiction-forfattar, romanforfattar, skribent, manusforfattar, kunsthandler
Sjanger science fiction-litteratur
Far George Beynon Harris
Mor Gertrude Hunt Parkes

Liv og virke

endre

Etter skuletida (1921), studerte Wyndham landbruk. Han ombestemte seg og ville studera ved University of Oxford, med økonomisk støtte frå familien. I 1925 bestemte han seg for å skriva etter å ha prøvd seg i ulike rolle, som bonde, med juss og med reklame. På 1930-talet skreiv han jamleg for amerikanske tidsskrift, såvel krim som science fiction.

Broren hadde gjort suksess med fire bokutgjevingar, noko som inspirerte Wyndham til å legga om stilen til boka The Day of the Triffids. Denne slo svært godt an og etablerte Wyndham som eksponent for science fiction i England. Boka kom òg på norsk, og blei sendt som høyrespel i NRK.[1]

Etter eit 20 årig kjennskap, gifta han seg med Grace Wilson i 1963. Han flytta då ut frå den litterære klubben sin og kjøpte eit hus nær Petersfield i Hampshire i nærleiken av den gamle kostskulen sin Bedales School.

Hovudverk

endre
  • The Day of the Triffids
  • The Kraken Wakes, utgitt i USA som Out of the Deeps.
  • The Chrysalids, utgitt i USA som Re-Birth. Blei høyrespel i BBC Radio 4 tidleg i 1980-åra.
  • The Midwich Cuckoos, to filmatisert to gonger som Village of the Damned.
  • Trouble with Lichen
  • Chocky, grunnlag for ein TV-serie for Thames Television.
  • Web

Bibliografi (utval)

endre

Romanar

endre
  • Foul Play Suspected (1935)
  • The Secret People (1935)
  • Planet Plane (også kjent som Stowaway to Mars, 1936)
  • The Day of the Triffids, norsk tittel I trifidenes dager (Gyldendal Norsk Forlag 1955)
  • The Kraken Wakes (også kjent som Out of the Deeps, 1953), norsk tittel Invasjon fra dypet (Fredhøis Forlag 1969) ISBN 82-04-00273-4
  • The Chrysalids (også kjent som Re-Birth, 1955)
  • The Midwich Cuckoos (1957)
  • The Outward Urge (1959)
  • Trouble with Lichen (1960)
  • Chocky (1968, gjort om til en fjernsynsserie for barn på ITV i 1985)

Posthum roman

endre
  • Web (1979), gitt ut av bustyret

Novellesamlinger

endre
  • Jizzle (1954)
  • The Seeds of Time (1956)
  • Tales of Gooseflesh and Laughter (1956)
  • Consider Her Ways and Others (1961)
  • The Infinite Moment (1961)

Posthume samlingar

endre
  • Sleepers of Mars (1973)
  • The Best of John Wyndham (1973)
  • Wanderers of Time (1973)
  • Exiles on Asperus (1979)
  • No Place like Earth (2003)

Høyrespel

endre
  • Revolt of the Triffids (1951), norsk tittel I trifidenes dagar (NRK Lydbokforlaget 1999) ISBN 9788242108531

Kjelder

endre
  1. I trifidenes dager, NRK, første gang sendt 1969

Bakgrunnsstoff

endre