Johnny Svein Haugen (13. september 195130. mars 2012) var ein norsk friidrettsutøvar frå Namsos i Nord-Trøndelag som vart noregsmeister i lengdehopp i 1974 og 1978, og på 200 meter i 1975 og 1977. I tillegg var han med å vinne NM-gull i 1000 m stafett i 1975 og 1977. Haugen var medlem i Namsen til 1973, frå same året representerte han IL i BUL.

Johnny Haugen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. september 1951
Død

30. mars 2012 (60 år)

Idrett friidrett

Haugen sprang sitt livs beste løp då han i 1975 vann 200-meteren i noregsmeisterskapen på Fana stadion på tida 21,4 sekund. To veker etter fekk han notert 21,67 sekund med elektrisk tidtaking ved ein landskamp mot Sveits og Frankrike i Basel. To år seinare, under landskampen mot Hellas på Bislett stadion i Oslo den 3. august 1977, presterte han eige livsbeste og norsk årsbeste i lengdehopp. Hoppet målte 7,77 meter og sikra norsk triumf i øvinga.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1974 i Hønefoss: Gullmedalje i lengdehopp
  • 1975 i Fana: Gullmedalje på 200 m, bronsemedalje på 100 m. Gull i 1000 m stafett
  • 1976 i Askim: Sølvmedalje på 100 m, bronsemedalje i lengdehopp
  • 1977 i Lillehammer: Gullmedalje på 200 m, sølvmedalje på 100 m og i lengdehopp. Gull i 1000 m stafett
  • 1978Steinkjer: Gullmedalje i lengdehopp

Personlege rekordar endre

  • 100 m: 10,6 (1975)
  • 200 m: 21,4 og 21,67 (begge i 1975)
  • Lengdehopp: 7,77 m (1977)

Kjelder endre