Jolán Kleiber-Kontsek

Jolán Kleiber-Kontsek (29. august 193920. juli 2022) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Budapest som særleg utmerkte seg i diskokasting.

Jolán Kleiber-Kontsek
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 29. august 1939
Budapest
Død 20. juli 2022 (82 år)
Budapest
Idrett friidrett
Tok del i Q18096700, Q18096702, Q18096705, Sommeruniversiaden 1961, Q17275306, EM i friidrett 1962, EM i friidrett 1962 – Diskoskast damer, Sommeruniversiaden 1963, Q17276602, Q17278128, athletics at the 1964 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1964 Summer Olympics – women's discus throw, Q17278781, Sommeruniversiaden 1965, Q18099556, EM i friidrett 1966, 1966 European Athletics Championships – women's discus throw, Q18099558, Q18099560, athletics at the 1968 Summer Olympics – women's discus throw, Q18100162, Q18100164, EM i friidrett 1971, 1971 European Athletics Championships – women's discus throw, Q17305017, Q18100165, Q17311935, Q17317600
Utmerkingar Hungarian Sportspeople of the Year, Az év magyar atlétája

Aktiv

endre

Jolán Kontsek kom på tredjeplass i diskostevlinga ved universiaden 1961 i Sofia. Året etter vann ho bronsen i øvinga under europameisterskapen i Beograd, slått av gullvinnar Tamara Press frå Sovjetunionen og Doris Müller frå Aust-Tyskland. Under universiaden 1963 i Pôrto Alegre vart Kontsek nummer to i diskoskasting og nummer tre i kulestøyt.

Også under Sommar-OL 1964 deltok Kleiber-Kontsek i både diskos- og kuletevlinga. Her enda ho sjetteplass i diskoskast, i kulestøyt rauk ho ut i kvalifiseringa. I 1965 vann ho diskosøvinga då universiaden fann stad i heimbyen Budapest, landskvinna Judit Stugner og olympiameisteren Tamara Press kom på plassane bak.

I europameisterskapen 1966, også den meisterskapen avvikla i Budapest, enda Kleiber-Kontsek på fjerdeplass i diskoskast. Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen tok ho bronsemedaljen i øvinga, langt bak vinnaren Lia Manoliu frå Romania og vesttyske Liesel Westermann. Sidan enda ho niandeplassen under EM i friidrett 1971, same sesongen presterte ho sitt livs lengste diskoskast på 60,18 meter.

Kjelder

endre