Jolene av Dolly Parton

Jolene
Singel av Dolly Parton
frå albumet Jolene
B-side

«Love, You're So Beautiful Tonight»

Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1973
Sjanger Countrypop, bluegrass
Lengd 2:42
Selskap RCA Nashville
Komponist Dolly Parton
Tekstforfattar Dolly Parton
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent Bob Ferguson
Dolly Parton-kronologi 
«Traveling Man»
(1973)
Jolene «I Will Always Love You»
(1974)


«Jolene» er ein song skriven og framført av den amerikanske countryartisten Dolly Parton. Han vart gjeven ut i oktober 1973 som den første singelen og tittelsporet frå albumet med same namnet, produsert av Bob Ferguson. Songen er rangert på 219. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tindene.

Historie endre

«Jolene» fortel soga om ein kvinne som konfronterer Jolene, ei særs vakker kvinner, som ho trur prøver å stele mannen hennar frå henne, og bed hom å ikkje ta han frå ho. Gjennom heile songen tryglar kvinna Jolene om å ikkje ta han frå ho, sjølv om ho kan (please don't take him just because you can). Songen vart den andre førsteplassen til Parton på country-lista. Han nådde førsteplassen i februar 1974, og vart ein mindre pophit for ho. Året etter vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia der han nådde sjuandeplassen på UK singles chart.

Etter å ha framført «Jolene» på Glastonburyfestivalen i 2014, skal Parton ha sagt at songen var inspirert av ei raudhåra kvinne som Parson følte mannen hennar var for mykje i lag med då dei var nygifte.

Lister endre

Liste (1973–1974) Plassering
Canada (RPM)[1] 84
Canada Adult Contemporary Songs (RPM)[2] 40
Canada Country Singles (RPM)[3] 1
Danmark (Tracklisten)[4] 19
Irland (IRMA)[5] 8
Sverige (Sverigetopplistan)[6] 16
UK Singles (Official Charts Company)[7] 7
US Billboard Hot 100[8] 60
US Adult Contemporary (Billboard)[9] 44
US Country Songs (Billboard)[10] 1

Andre versjonar endre

White Stripes endre

Jolene (Live Under Blackpool Lights)
Singel av The White Stripes
frå albumet Under Blackpool Lights
Språk engelsk
Utgjeve 20. november 2004
Sjanger Garagerock, alternativ rock
Lengd 2:37
Selskap XL Recordings
Komponist Dolly Parton
Tekstforfattar Dolly Parton
Produsent Jack White
The White Stripes-kronologi 
«There's No Home for You Here»
(2004)
Jolene (Live Under Blackpool Lights) «Blue Orchid»
(2005)


The White Stripes spelte inn «Jolene» som ein live-singel. Denne nådde 16. plassen i Storbritannia i november 2004. The White Stripes hadde tidlegare gjeve ut ein studioversjon av «Jolene», som B-sida til singelen deira «Hello Operator» i 2000 frå albumet De Stijl. I Australia nådde singelen tiandeplassen i 2004. Eit anna konsertopptak av songen finst på konsertalbumet Under Great White Northern Lights frå 2010.

Innhald
  1. "Jolene (Live Under Blackpool Lights)"
  2. "Black Math (Live Under Blackpool Lights)" (only on cd version)
  3. "Do (Live Under Blackpool Lights)" (only on vinyl flip side)

Andre versjonar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre