Jon Grønset
Jon Grønset (7. april 1898–1970) frå Gjemnes kommune på Nordmøre var ein norsk pedagog og forfattar. Han gjekk på lærarskule i Volda på Sunnmøre. Han var rektor på Sogn ungdomsskole i Balestrand frå 1937 til 1955. Bøkene han har gitt ut skreiv han då han var blitt pensjonist. Han skreiv også dikt, forteljingar og sanne historiar.
Jon Grønset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. april 1898 |
Død |
1970 (72 år) |
Yrke | skribent |
Språk | norsk |
Bibliografi
endreBøker
endre- 1965 – På ferietur med "Brisling" (Trondheim: Rune)
- 1966 – Jack (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
- 1966 – Rotfeste (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1967 – Operasjon Lindholmen (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no [Illustrasjonar ved Svein Solem]
- 1968 – Lia brenn (Oslo: Lunde) I fulltekst ved nb.no
- 1969 – Smuglarane i Losberget (Oslo: Lunde) I fulltekst ved nb.no
- 1970 – Arild på Austbø (Oslo: Lunde) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Jon Grønset i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978