Jonatan Johansson
Jonatan Johansson (fødd 16. august 1975 i Stockholm) er ein finsk fotballspelar, som har spelt for fleire klubbar i England, Skottland og Sverige. I 2010-sesongen skal han spela for TPS i den finske fotballigaen. I 2009 spelte han sin landslagskamp nummer 100 for det finske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Jonatan Lillebror Johansson | ||
Fødd | 16. august 1975 | ||
Fødestad | Stockholm | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | TPS | ||
Nummer | 16 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1994 1995-97 1997 1997-2000 2000-06 2006 2006-08 2009 2009-10 2010- |
Pargas TPS Flora Rangers Charlton Athletic Norwich City (lån) Malmö Hibernian St. Johnstone TPS |
23 (5) 32 (6) 9 (9) 48 (14) 148 (27) 12 (3) 55 (23) 9 (0) 6 (1) - | |
Landslag | |||
1996- | Finland | 100 (22) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. februar 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 14. oktober 2009 |
Klubbkarriere
endreJohansson debuterte i den finske toppserien for klubben TPS frå Åbo (Turku) i 1995. I 1997 spelte han ei kort tid for Flora i Tallinn i Estland, før han drog til den skotske toppklubben Rangers. I 2000 vart han kjøpt av London-klubben Charlton Athletic i engelsk Premier League. Han spelte for Charlton i Premier League i fem sesongar, før han vart lånt ut til Norwich City i den nest høgste divisjonen i 2005-06. Sommaren 2006 forlet Johansson dei britiske øyane og drog til den svenske toppserien og Malmö FF. I 2009 hadde han eit nytt opphald i Skottland der han spelte for dei to klubbane Hibernian og St. Johnstone. Etter dette vende han heim til Finland, der han skal spela for gamleklubben TPS i 2010-sesongen.
Landslagskarriere
endreJohansson har vore ein viktig spelar for det finske landslaget. Han fekk A-lagsdebuten sin mot Kuwait 16. mars 1996, og passerte i 2009 hundre landskampar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå svensk wikipedia 11. april 2010.