Joseph Bertrand

fransk økonom og matematikar

Joseph Louis François Bertrand (fødd 11. mars 1822 i Paris, død 5. april 1900) var ein fransk matematikar. Han er kjent for sin elegante bruk av differensiallikningar innanfor analytisk mekanikk, spesielt termodynamikk, og dessutan for arbeida sine om statistisk sannsynsrekning, kurveteori og overflateteori.

Joseph Bertrand

Fødd11. mars 1822
tidlegeare 12. arrondissement i Paris
Død5. april 1900
Budapest, Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdesannsynsrekning, differensialgeometri, talteori
Yrkematematikar, samfunnsøkonom, professor
InstitusjonarCollège de France
Lycée Saint-Louis
École normale supérieure
Alma materÉcole polytechnique
Lycée Saint-Louis
École nationale supérieure des mines de Paris
BarnMarcel Alexandre Bertrand
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Académie française
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Accademia Nazionale dei Lincei
Det russiske vitskapsakademiet
Société de l'histoire de France
Accademia delle Scienze di Torino

Bertrand var tidleg utvikla og byrja å høyre forelesningar ved École polytechnique berre 11 år gammal. Han tok doktorgraden i 1839, og var professor i matematisk fysikk ved Collège de France. Frå 1874 var han sécrétaire perpétuel ved Vitskapsakademiet i Paris, og i 1884 vart han oppteken i Det franske akademiet.

Boka hans Calcul des probabilités inneheld eit paradoks kalla Bertrands paradoks. Bertrand diskuterer sannsynet for at ein vilkårleg korde i ein sirkel er lenger enn ei side i likesida trekant innskriven i sirkelen, og viser korleis dette problemet fører til ulike resultat etter korleis ein reknar ut sannsynet.

  • Traité elementaire d’algèbre (1850)
  • Methode des moindres carrés (1855)
  • Traité de calcul différentiel et de calcul intégral (1864–1870)
  • Arago et sa vie scientifique (1865)
  • Thermodynamique (1887)
  • Calcul des probabilités (1888)
  • D’Alembert (1889)
  • Leçons sur la théorie mathématique de l’électricité (1890)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre