Josie av Steely Dan
Josie Singel av Steely Dan frå albumet Aja | ||
B-side |
Black Cow | |
---|---|---|
Utgjeve | August 1978 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Jazzfusion, softrock, R&B | |
Lengd | 4:30 | |
Selskap | ABC | |
Tekstforfattar | Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«FM (No Static at All)» (1978) |
Josie | «Hey Nineteen» (1980)
|
«Josie» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen og først gjeve ut av Steely Dan i 1977 på albumet deira Aja. Han vart òg gjeven ut som den tredje singelen frå albumet og selde forholdsvis bra. Han nådde 26. plassen på Billboard Hot 100 og 44. plassen på Easy Listening-lista det året.[1] Han har sidan komen ut på fleire konsert- og samlealbum av Steely Dan.
Becker speler ein gitarsolo på songen, ein av få på Aja. Fagen syng solovokal. Dei andre musikarane på songen er mellom andre Chuck Rainey på bassgitar, Victor Feldman på elektrisk piano og Larry Carlton og Dean Parks på guitar.[2] Trommeslagaren er Jim Keltner, som har fått god omtale av kritikaren Victor Aaron for trommene som startar songen på ny etter ein kort pause.
- Donald Fagen – synthesizer, vokal
- Walter Becker – gitarsoloar
- Victor Feldman – elektrisk piano
- Larry Carlton – gitar
- Dean Parks – gitar
- Chuck Rainey – bass
- Jim Keltner – trommer, perkusjon
- Timothy B. Schmit – korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Josie (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 228.
- ↑ Breithaupt, Don (2007). Aja. Bloomsbuy. ISBN 9781441115188.
- ↑ Det originale plateomslaget frå 1977