Timothy B. Schmit

amerikansk musikar

Timothy Bruce Schmit (fødd 30. oktober 1947) er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som bassist og songar i Poco og Eagles. Schmit har òg lenge arbeidd som studiomusikar og soloartist. I 1998 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Eagles.

Timothy B. Schmit

Fødd30. oktober 1947 (76 år)
FødestadOakland i California i USA
FødenamnTimothy Bruce Schmit
OpphavUSA
Aktiv1960 til i dag
SjangerRock, countryrock
Instrumentvokal, bass
Kjende instrumentFender Jazz Bass
Tilknytte artistarEagles, Poco, Ringo Starr & His All-Starr Band, Steely Dan, Toto
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medJean Cromie
PrisarKennedy Center Honors

Biografi endre

Schmit vart fødd i Oakland i California i 1947 og voks opp i Sacramento. Det første instrumentet til Schmit var ein fiolin, før han byrja å spele trombone, ukulele og gitar. Han song heller ikkje så verst og byrja etter kvart å spele bass i ein lokal trio kalla Tim, Tom & Ron, som byta namn til the Contenders då surfemusikk byrja å bli populært i 1962 og 1963. The Contenders utvikla seg til the New Breed og var mellom anna oppvarming for eit ungt Big Brother & the Holding Company, Herman's Hermits og Sonny & Cher. The New Breed utvikla seg til eit folkrock-band kalla Glad og fekk kontrakt med ABC Records. Samstundes vart Schmit kjend med den tidlegare Buffalo Springfield songaren og gitaristen Richie Furay, som var i ferd med å setje saman eit nytt band, som etter kvart vart Poco. Schmit vart spurt om å prøvespele på bass og vokal, men jobben gjekk til Randy Meisner. Glad-albumet Feelin' Glad, kom ut på ABC i 1968, men selde dårleg. I mellomtida slutta Meisner i Poco, og Schmit tok over jobben.

Dei neste sju åra spelte Poco inn fleire album, men klarte aldri å slå heilt igjennom. På nokre av dei tidlege konsertane deira, spelte dei samstundes med Longbranch Pennywhistle, der medlemmane var J.D. Souther, Ry Cooder og Glenn Frey, som seinare var med å starte Eagles. Medan Eagles selde særs godt, sleit Poco med salstala. Våren 1977 slutta Meisner i Eagles, og bandet inviterte Schmit med i bandet, og spelte på det siste offisielle albumet deira på mange år, The Long Run. Albumet kom først ut seint i 1979 og Eagles vart offisielt oppløyst i 1981.

Schmit spelte inn songen «So Much in Love» for filmen Fast Times at Ridgemont High i 1982, i lag med tidlegare bandkolleager. Albumet selde særs godt. Schmit la så ut på ein solokarriere og gav ut fem soloalbum, frå country til pop til lett jazz. Han gjekk attende til Poco i 1984 for albumet Inamorata. Han har òg spelt for andre artistar som Steely Dan, Bob Seger, Jimmy Buffett, Julian Lennon, Ringo Starr, Warren Zevon og Spinal Tap. Han var òg songar og bassist i Ringo Starr's All-Starr Band (der òg Eagles-kollega Joe Walsh var med).

Diskografi endre

Studioalbum endre

År Albumdetaljar Listeplasseringar
US US Heat
1984 Playin' It Cool 160
1987 Timothy B
  • Andre studioalbum
  • Utgjeve: 7. september 1987
  • Selskap: MCA Records
106
1990 Tell Me the Truth
  • Tredje studioalbum
  • Utgjeve: 24. juli 1990
  • Selskap: MCA Records
2001 Feed the Fire
  • Fjerde studioalbum
  • Utgjeve: 1. mai 2001
  • Selskap: Lucan Records
2009 Expando 43
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Singlar endre

År Singel Plasseringar Album
US
[1]
US Main US AC CAN CAN AC
1982 «So Much in Love» 59 27 Playin' It Cool
1984 «Playin' It Cool» 101
1987 «Boys Night Out» 25 17 69 Timothy B.
1988 «Don't Give Up» 30 22
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. s. 789. ISBN 0-89820-188-8. 

Bakgrunnsstoff endre