Aja av Steely Dan

Aja
Studioalbum av Steely Dan
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 1977[1]
Innspelt Seint 1976 til juli 1977
Studio
Sjanger
Lengd 39:51
Selskap ABC
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
The Royal Scam
(1976)
Aja Gaucho
(1980)


Singlar frå Aja
  1. «Peg»
    Utgjeve: November 1977
  2. «Deacon Blues»
    Utgjeve: Mars 1978
  3. «Josie»
    Utgjeve: August 1978

Aja (utalt som Asia på engelsk) er det sjette studioalbumet av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan. Det kom ut 23. september 1977 på ABC Records. Albumet vart spelt inn med nesten 40 musikarar og bandleiarane Donald Fagen og Walter Becker pressa Steely Dan vidare inn i eksperimentering med ymse kombinasjonar av studiomusikarar og lengre, meir sofistikerte komposisjonar for albumet.

Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista og femteplassen på den britiske albumlista, og vart etter kvart det bestseljande albumet deira. Det gav dei fleire hitsinglar, inkludert «Peg», «Deacon Blues» og «Josie». I juli 1978 vann Aja Grammyprisen for beste lyd (for ikkje-klassisk musikk) og nominasjonar for årets album og beste popsong av ein duo eller gruppe med vokal. Det har sidan vore inkluder tpå fleire lister over tidenes beste album og er særleg hylla blant kritikarar og audiofile for den høge produksjonsstandarden.

Innspeling endre

Albumet vart produsert av den mangeårige Steely Dan-produsenten Gary Katz[2] og spelt inn med mange leiande studiomusikarar. Det åtte minuttar lange tittelsporet består av jazzaktige endringar og ein solo av saksofonisten Wayne Shorter.[3][4]

Tittel og omslag endre

Platetittelen vert uttalt som Asia på engelsk.[5] Donald Fagen har sagt at albumet vart kalla opp etter ei koreansk kvinne som gifta seg med broren til ein av skulevenene hans.[6] Fotografiet på framsida er teke av Hideki Fujii med den japanske modellen og skodespelaren Sayoko Yamaguchi[7][8] og vart designa av Patricia Mitsui og Geoff Westen. Skodespelar og komikar Phil Hartman, som var grafisk designer tidleg i karrieren, er ofte feilaktig tilskriven for å ha laga omslaget. Bileta på innsida av omslaget vart tekne av Walter Becker og Dorothy A. White.[9]

Utgjeving endre

Aja vart gjeve ut i september 1977 på ABC Records.[10] I førekant av utgjevinga, prøvde Katz å få dei relativt private Fagen og Becker til å tre meir fram i det offentlege, og tok eit møte med Irving Azoff for å sjå om han kunne bli manageren deira. Fagen sa på den tida: «Me var klare for å gå lykkesalig gå gjennom livet utan ein manager».[2]

Med kjennskapane Azoff hadde til platebutikkar og ved å gje ut albumet til lågare pris, vart Aja «eit av dei hottaste albuma og det soleklart raskast seljande Steely Dan-albumet nokon gong», i følgje Cameron Crowe i desemberutgåva av Rolling Stone frå 1977.[2] I løpet av tre veker nådde albumet topp 5 på Billboard 200 i USA,[11] og nådde til slutt tredjeplassen. Det nådde òg femteplassen på den britiske albumlista.[10] I følgje Billboard vart plata den største hitten deira og «eit av dei første albuma som selde til platinaplate».[11]

DTS prøvde å lage ein 5.1-versjon, vart det oppdaga at masteropptaka for både «Black Cow» og tittelsporet mangla. Av same årsak vart ein fleirkanals SACD-versjon avlyst av Universal Music. Donald Fagen har kome med tilbod om 600 amerikanske dollar til dei som kan kome med informasjon om kvar desse masteropptaka finst.[12]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [13]
Chicago Tribune    [14]
Christgau's Record GuideB+[15]
Encyclopedia of Popular Music     [16]
MusicHound Rock4.5/5[17]
Pitchfork10/10[18]
Q     [19]
Rolling Stone     [20]
The Rolling Stone Album Guide     [21]
Tom Hull – on the WebA–[22]

I ei melding i 1977 for Rolling Stone skreiv Michael Duffy at «det konseptuelle rammeverket for musikken deira har endra seg frå eit påskot av rock and roll, mot ein glattare, utruleg rein og kalkulert mutasjon av rock, pop og jazz», medan tekstane deira «er like herleg stumpe og kyniske som nokon gong». Duffy la til at sjølv om «det ekstremt sjølvmedvitne intellektet» til duoen byrja å syne avgrensingar, var det «det nettopp denne kvaliteten som gjer Walter Becker og Donald Fagen til dei perfekte musikalske antiheltane for 70-åra.»[23] Robert Christgau i The Village Voice «hata» først plata før han «innsåg, at i motsetnad til The Royal Scam, strekte det meg ein del», og sa at han var «takksam for å sjå at den kollegiale kynismen til Fagen og Becker var i tilbakegang». Men han meinte at hangen dei hadde for lengre, meir sofistikerte songar «kunne bli den fatale feilen deira».[24] Greg Kot var òg lunken mot det stilmessige sidesteget deira og skreiv seinare i Chicago Tribune: «Den kliniske kulda ein først kunne høyre på The Royal Scam er gjort perfekt her. Lengre, meir avslappa songar erstattar den gamle, akerbiske lidinga.»[14] Barry Walters var meir mottakeleg i si seinare melding for Rolling Stone, og sa «rock har alltid utmerka seg i å lekamleggjere ungdomssmerter. Men det er sjendal at rock klarar å fange det vanskelege vaksenlivet på ein så rein måte.»[20] Jazzhistorikaren Ted Gioia siterer det som eit døme på at Steely Dan «beviste at pop-rock kan ha godt av ein frisk dose jazz» i ei tid då mange rockemusikarar ofte eksperimenterte med jazzteknikkar.[25]

Albumet er blitt omtalt av musikkskribentar som ei av dei beste testplatene for audiofile på grunn av den høge produksjonsstandarden.[26][27][28] Walters skreiv i meldinga si at «den surrealistisk perfekte lyden på albumet, dei komplekse melodiane og harmoniane - musikk så teknisk krevande at skaparane måtte hente inn A-lista av studiomusikarar for å realisere lydane dei høyrde i hovuda sine men ikkje sjølv kunne spele, sjølv på instrumenta dei sjølv meistra.»[20] I ei melding for ei heil-analog LP-utgåve av Aja frå 2007, gav Ken Kessler frå Hi-Fi News & Record Review høgaste score for både innspeling og framføring og kalla albumet «glimrande jazzrock som ikkje har eldast i det heile - med mindre du reknar 'intelligens' passé. Det er alt du ventar dei smertefullt hippe/kule Becker og Fagen kan levere.»[29]

Aja har ofte vore med på lister over tidenes beste album. I 1991 plasserte franske Rock & Folk Aja på ei liste over dei 250 beste albuma som kom ut medan magasinet hadde eksistert, sidan 1966. I 1999 vart det rangert på 59. plassen på ei liste i den israelske avisa Yedioth Ahronoth over dei 99 beste albuma gjennom tidene.[30] I 2000 vart det plassert på 118. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[31] I 2003 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame og rangert på 145. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[32] og hadde same plass på den reviderte utgåva få 2012.[33] I 2006 vart Aja inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[34] I 2010 valde Library of Congress ut Aja for USA National Recording Registry fordi det vart rekna som «kulturelt, kunstnarisk eller historisk viktig».[35][36] I 2020 flytta Rolling Stone albumet opp til 63. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[37]

Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed Music plassert Aja på 318. plassen gjennom tidene, 95. plassen for 1970-åra og 13. plassen for 1977.[30]

I 1999 fekk innspelinga av Aja ein eigen episode i den britiske dokumentarserien Classic Albums, der kvar song (utanom «I Got the News») på albumet vart analysert.[6]

Yacht rock endre

I seinare meldingar har Aja blitt omtalt som ei viktig utgjeving i utviklinga av såkalla yacht rock. For Spin i 2009 skreiv Chuck Eddy at det var ei av dei åtte essensielle albuma innan sjangeren.[38] I uDiscoverMusic i 2019 sa Paul Sexton at med albumet «annonserte Steely Dan den stadige utforskinga av jazzpåverknad» som kom til å føre til «yacht-rock-meisterverket deira», Gaucho i 1980.[39] Patrick Hosken frå MTV News sa at både Aja og Gaucho synte kor «bra yacht rock er og er musikalsk mykje meir ambisøst enn det kan verke som, ved å knyte blue-eyed soul og jazz til funk og R&B».[40] Aja vart inkludert på lista til Vinyl Me, Please over dei ti beste yacht rock-albuma og skreiv at «Det kan ikkje overvurderast kor viktig Steely Dan har vore for yacht rock … Gaucho er utan tvil det glattaste albumet deira, men på Aja treff Walter Becker og Donald Fagen komfortabelt ned langs midten som ein mainstream hitfabrikk medan det samstundes er ekspansivt og eventyrlystent».[41]

Innhald endre

Alle songar skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Black Cow»5:10
2.«Aja»7:57
3.«Deacon Blues»7:33
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Peg»3:58
2.«Home at Last»5:34
3.«I Got the News»5:06
4.«Josie»4:33
Total lengd:39:51

Medverkande endre

Steely Dan[42]

Andre medverkande

Produksjon

  • Leiande produsent: Stephen Diener [ABC Records]
  • Produsent: Gary Katz
  • Lydteknikarar: Roger Nichols, Elliot Scheiner, Al Schmitt, Bill Schnee
  • Assisterande lydteknikarar: Joe Bellamy, Lenise Bent, Ken Klinger, Ron Pangaliman, Ed Rack, Linda Tyler
  • Mastering: Bernie Grundman
  • Produksjonskoordinering: Barbara Miller
  • Lydkonsulent: Dinky Dawson
  • Konsulent: Daniel Levitin
  • Blåsararrangement: Tom Scott
  • Kunstnarisk leiar: Oz Studios,[9] Vartan Reissue
  • Design: Patricia Mitsui, Geoff Westen
  • Fotografi: Hideki Fujii (framside), Walter Becker, Dorothy A. White
  • Notat i omslaget: Walter Becker, Donald Fagen
  • Koordinering for nytugjeving: Beth Stempel

Unytta opptak endre

Under innspelinga for Aja vart det spelt inn fleire songar som ikkje vart nytta på albumet, som «The Bear Got You». Songen kom aldri ut offisielt, men vart sidan spelt på Shuffle Diplomacy-turneen deira i 2011.[43]

Prisar endre

Grammyprisar

År Vinnar Kategori
1977 Aja Best lydinnspeling, ikkje-klassisk

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[44] 2× Platina 200 000^
Storbritannia (BPI)[45] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[46] 2× Platina 2 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. https://variety.com/2017/music/opinion/steely-dan-aja-40th-anniversary-masterpiece-1202564168/amp/
  2. 2,0 2,1 2,2 Crowe, Cameron (29. desember 1977). «Steely Dan Springs Back: The Second Coming». Rolling Stone (New York City: Straight Arrow Publishers, Inc.) (#255): 11. Henta 14. januar 2021. 
  3. Cook-Wilson, Winston (27. september 2017). «Steely Dan's Aja: Remembering the Band's Trailblazing Moment 40 Years Later». SPIN. Henta 15. januar 2021. 
  4. Myers, Marc (15. juli 2011). «How Steely Dan Got Wayne Shorter». Jazz Wax. 
  5. Palmer, Robert (9. oktober 1977). «American's Finest Maybe-Rock Non-Band». The New York Times. Henta 3. juli 2020. 
  6. 6,0 6,1 Classic Albums: Steely Dan – Aja (Video 1999), Directed by Alan Lewins, Eagle Rock Entertainment, ASIN: 6305772649 [1]
  7. Holmes, Chris. «Album cover of the week: Aja». The Man in the Gray Flannel Suit. Henta 9. september 2008. 
  8. Sweet, Brian (2016). Steely Dan: Reelin in the Years. Omnibus Press. s. 130. ISBN 9781468313147. 
  9. 9,0 9,1 «Steely Dan – Aja (red vinyl): Scan of the inner sleeve». Vinyl Album Covers.com. «http://vinylalbumcovers.com/steely-dan-aja-red-vinyl» 
  10. 10,0 10,1 Anon. (2007). «Steely Dan - Aja». I Irvin, Jim; McLear, Colin. The Mojo Collection (4th utg.). Canongate Books. s. 389. ISBN 1-84767-643-X. 
  11. 11,0 11,1 Anon. (n.d.). «Steely Dan Biography». Billboard. Arkivert frå originalen 15. januar 2021. Henta 15. januar 2021. 
  12. Broberg, Tomas. «Aja notes». Tribute To Steely Dan - Steely Dan Interzone. Arkivert frå originalen 5. mai 2009. Henta 13. mai 2009. 
  13. Erlewine, Stephen Thomas. «Aja – Steely Dan». AllMusic. Henta 15. januar 2021. 
  14. 14,0 14,1 Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 13. januar 2021. 
  15. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 11. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  16. Larkin, Colin (2011). «Steely Dan». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  17. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). «Steely Dan». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. ISBN 1-57859-061-2. 
  18. Petrusich, Amanda (20. november 2019). «Steely Dan: Aja». Pitchfork. Henta 13. januar 2021. 
  19. «Steely Dan: Aja». Q (London) (165): 131. June 2000. 
  20. 20,0 20,1 20,2 Walters, Barry (30. august 2001). «Steely Dan: Aja». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 9. mai 2006. Henta 11. august 2017. 
  21. Sheffield, Rob (2004). «Steely Dan». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 778–79. ISBN 0-7432-0169-8. 
  22. Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Steely Dan». Tom Hull – on the Web. Henta 9. januar 2021. 
  23. Duffy, Michael (1. desember 1977). «Steely Dan: Aja». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 13. september 2017. Henta 29. april 2013. 
  24. Christgau, Robert (31. oktober 1977). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 29. april 2013. 
  25. Gioia, Ted (2011). The History of Jazz. Oxford University Press. s. 332. ISBN 9780199831876. 
  26. «The 30 best hi-fi audiophile albums ever | Tech Features | Stuff». www.stuff.tv. Arkivert frå originalen 13. juli 2016. Henta 15. januar 2021. 
  27. «What Are the Top 10 Digital Tracks for Testing Speakers? – A Journal of Musical Things». A Journal of Musical Things. Henta 15. januar 2021. 
  28. «Vinyl Me, Please | 52 Essential Albums to Own on Vinyl (Add Your Own) «». vinylmeplease.com. Arkivert frå originalen 17. november 2019. Henta 15. januar 2021. 
  29. Kessler, Ken (March 2008). «Music Reviews». Hi-Fi News & Record Review: 83. 
  30. 30,0 30,1 «Aja». Acclaimed Music. Henta 15. januar 2021. 
  31. Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 80. ISBN 0-7535-0493-6. 
  32. «GRAMMY Hall Of Fame». grammy.org. Arkivert frå originalen 26. juni 2015. Henta 15. januar 2021. 
  33. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 18. september 2019. 
  34. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  35. «Complete National Recording Registry Listing – National Recording Preservation Board | Programs | Library of Congress». Loc.gov. Henta 15. januar 2021. 
  36. «About This Program – National Recording Preservation Board». Henta 4. oktober 2017. 
  37. «GRAMMY Hall Of Fame». grammy.org. Arkivert frå originalen 26. juni 2015. Henta 15. januar 2021. 
  38. Eddy, Chuck (1. januar 2009). «8 Essential Yacht Rock Albums». Spin. Henta 8. juni 2020. 
  39. Sexton, Paul (17. september 2019). «Yacht Rock: A Boatload Of Guilty Pleasures». uDiscoverMusic. Henta 15. januar 2021. 
  40. Hosken, Patrick (7. februar 2017). «Are We in the Middle of a Yacht-Rock Revival». MTV News. Henta 15. januar 2021. 
  41. Malcolm, Timothy (20. februar 2017). «The 10 Best Yacht Rock Albums To Own On Vinyl». Vinyl Me, Please. Henta 15. januar 2021. 
  42. «Aja - Steely Dan | Credits». AllMusic (på engelsk). Henta 8. mars 2020. 
  43. Baltin, Steve (9. juli 2011). «Steely Dan at the Greek Theater: Concert Review». The Hollywood Reporter. 
  44. «Canadian album salstrofé – Steely Dan – Aja». Music Canada. 
  45. «British album salstrofé – Steely Dan – Aja». British Phonographic Industry.  Enter Aja in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  46. «American album salstrofé – Steely Dan – Aja». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre