Jukagirske språk

(Omdirigert frå Jukagirsk)

Jukagirske språk er ein liten språkfamilie som består av berre to språk, nordjukagirsk og sørjukagirsk. Dei jukagirske språka er ikkje forståelege seg i mellom, men i slekt med kvarandre. Slektskap med andre språkfamiliar har det ikkje vore mogleg å fastslå, sjølv om det finst dei som vil slå dei saman med dei uralske språka til ein jukagirsk-uralsk familie. Jukagirsk blir dermed ofte rekna som eit paleosibirsk språk, dette er ei eining basert på geografiske heller enn genetiske kriterium.

Jukagirske språk
Vidare inndeling:
Tala i:  Russland
Område: Sibir


Utbreiinga av jukagirske språk på 1600-talet (skravert) og 1900-talet (einsfarga).

Geografisk fordeling av jukagirsk og uralsk. ██ Jukagirsk ██ Samojedisk ██ Ugrisk ██ Dei andre uralske språka

Dei jukagirske språka blir snakka i dei nordaustlege delane av Sibir, langs Kolymaelva. Ved folketeljinga i Russland vart det tald 370 personar som tala jukagirsk.[1]

Fotnotar

endre
  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010