Jule Charney
Jule Gregory Charney (1. januar 1917–16. juni 1981) var ein amerikansk meteorolog som spelte ei viktig rolle i utviklinga av vêrvarslinga. Han utvikla eit likningssett (den kvasi-geostrofiske virvlingslikninga) for utrekning dei storskala rørslene til planetære bølgjer. Han gav den første overtydande fysiske forklaringa på utviklinga av syklonar på midlare breidder, kjend som teorien kring baroklinsk instabilitet. Han vert rekna som skaparen av den moderne dynamiske meteorologien og var òg ein pioner innan numerisk vêrvarsling. I tillegg gav han viktige bidrag til tropisk meteorologi og teorien for havstraumar.
Jule Charney | |||
| |||
Fødd | Jule Gregory Charney 1. januar 1917 San Francisco | ||
---|---|---|---|
Død | 16. juni 1981 Boston | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | meteorolog | ||
Institusjonar | Massachusetts Institute of Technology | ||
Alma mater | University of California, Los Angeles | ||
Doktorgradsrettleiar | Jørgen Holmboe | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences |
Charney var professor ved Massachusetts Institute of Technology frå 1956 til 1977. Han var mange gonger ved Universitetet i Oslo som forskar, og var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.
American Meteorological Society har ein pris kalla «The Jule G. Charney Award» som vert gjeven til personar som «anerkjennelse for viktige forskingsbidrag eller utvikling innan atmosfæriske vitskapar eller hydrologi».