Jørgen Holmboe (fødd 8. november 1902 i Hammerfest, død 29. oktober 1979) var ein norsk-amerikansk meteorolog

Jørgen Holmboe
Fødd8. november 1902
Hammerfest kommune
Død29. oktober 1979
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog, professor
InstitusjonarUniversity of California, Los Angeles
Massachusetts Institute of Technology
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarVilhelm Bjerknes
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Frå ekspedisjonen til Ellsworth. Frå venstre: Chris Braathen (flyteknikar), Oluf Dahl (chief steward), Bernt Balchen pilot, Olsen (2nd mate), Lincoln Ellsworth (i midten med tversover-sløyfe), Jørgen Holmboe (litt bak), Hubert Wilkins (dress og slips), Magnus Johannessen, Bård Holth. Midtste rekke (f.v.): Harald Bigseth, Harald Holmboe og telegrafist Walther J. Lantz. Bak (f.v.): Bjarne Larsen, dr. Reals Berg, Ingvald Strøm og Lauritz Liavaag.

Han gjekk på skule i Tromsø og tok eksamen i Bodø. Han var vitskapleg assistent hos Vilhelm Bjerknes frå 1927 til 1929 og tok tok cand.real. i 1930. Han arbeidde som meteorolog i Tromsø frå 1929 til 1937. Han vart professor ved Massachusetts Institute of Technology i USA frå 1937 og frå 1940 ved University of California i Los Angeles.

I lag med E. Forsyth og W. Gustin gav han ut ei større lærebok, Dynamic Meteorology, i 1945. Han vart vald inn i American Meteorological Society og American Geophysical Union, samt utanlandsk medlem Det Norske Vidskaps Akademi

Utvalde verk endre

  • On the Theory of Cyclones (artikkel i lag med Jakob Bjerknes. 1944)
  • Dynamic Meteorolology (New York: John Wiley and Sons, Inc. 1952)
  • On the instability of stratified shear flow (Universitetsforlaget. 1966)
  • Instability of baroclinic three-layer models of the atmosphere (Universitetsforlaget. 1968)

Kjelder endre

«Jørgen_Holmboe» i Store norske leksikon, snl.no.