Julius Bastian Olsen

norsk politikar

Julius Bastian Olsen, ofte kalla Jul. B. Olsen, (fødd 15. juni 1875 i Hammerfest, daud 26. juli 1936 i Narvik)[a] var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant innvald for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark frå 1928 til 1936. Han var òg ordførar i Narvik 1914-21, varaordfører i 1922, og ordførar att i 1923-27.

Julius Bastian Olsen
Fødd15. juni 1875
Hammerfest
Død26. juli 1936
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Olsen byrja i smedlære i Hammerfest i 1890, men drog i 1893 til Bergen, der han arbeidde ved mekaniske verkstader og tok eksamen som maskinist i 1897. I 1903 flytta han til Narvik, der han var smed og maskinarbeidar ved Ofotbanen sin verkstad og frå 1921 verkmeister. Han var medlem av Narvik bystyre frå 1908 til han døydde i 1936. I 1926 var han fungerande borgarmeister (rådmann) i Narvik i sju månader.

StortingskomitearEndra

  • 1928-1930 medlem i Skog- og vassdragskomiteen
  • 1931-1933 medlem i Finans- og tollkomiteen og Skog- og vassdragskomiteen
  • 1934-1936 medlem i Finans- og tollkomiteen og Skog- og vassdragskomiteen

MerknadarEndra

  1. Knut Slettbakk oppgjev at han var fødd i Kåfjord i Alta

KjelderEndra