Opna hovudmenyen

Julius Middelthun

norsk bilethoggar

Julius Olavus Middelthun (3.juli 18205. mai 1886) var ein norsk bilethoggar, fødd på Kongsberg.

Julius Middelthun
Portrett av Julius Middelthun - 1928 - Cecilie Dahl - Oslo Museum - OB.00648.jpg
Fødd 3. juli 1820
Kongsberg
Død

5. mai 1886
Kristiania

Yrke bilethoggar
Julius Middelthun på Commons

Middelthun studerte i København og i Roma, der han budde i fleire år. Til Det Norske Studentersamfund laga han portrettbyster av både Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven, den siste eit reint meisterverk.

Som klassisist reindyrka Middelthun forma. Han var sterkt sjølvkritisk, det tok han 11 år å fullføre statuen av Anton Martin SchweigaardUniversitetsplassen ved bygningane til Universitetet i Oslo i Karl Johans gate. Middelthun var lærar på teikneskulen i hovudstaden, der han mellom andre hadde Axel Ender, Erik Werenskiold og Edvard Munch til elevar.

KjelderEndra