Skjervøy kommune

kommune i Troms

Koordinatar: 70°02′00″N 20°58′30″E

Skjervøy kommune (nordsamisk Skiervvá suohkan, kvensk Kieruan komuuni) ligg i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i sørvest (på Uløya) til Nordreisa kommune, og grensar elles over dei omliggjande fjordar og havstykke i aust mot Kvænangen og Loppa og i vest mot Lyngen og Karlsøy. Øygruppa Skjervøy kommune omfattar øyene Skjervøya, Kågen, Arnøya, Uløya, Laukøya, Haukøya, Hakkstein, Vorterøya og Follesøyene. Kommunen høyrer til regionen Nord-Troms.

Skjervøy kommune
kommune
Årviksand, Skjervøy, Troms, Norway 2008-06-25 Panorama.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Adm.senter Skjervøy
Areal 473,70 km²
 - land 465,28 km²
 - vatn 8,42 km²
Folketal 2 927 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Ørjan Albrigtsen
(Fellesliste)
Kommunenr. 5427

Skjervøy
70°5′7″ N 20°39′34″ E
NO 5427 Skjervøy.svg
Wikimedia Commons: Skjervøy
Nettstad: www.skjervoy.kommune.no
Kyrkja på Skjervøy

Tettstaden Skjervøy er administrasjonssenter i kommunen. Vel 2350 av dei vel 2900 som er busette i kommunen bur i tettstaden.

Skjervøy har snøggbåtsamband til Tromsø, og Hurtigruta har òg anløp her. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, om lag 45 minuttars køyring frå tettstaden Skjervøy.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.