Arnøya i Troms

øy i Skjervøy i Troms

Arnøya (nordsamisk: Árdni, kvensk: Aartnansaari) er ei øy i Skjervøy kommune i Troms. Øya ligg nord for Kågen og vest for Laukøya. Arnøya har eit areal på 276 km² og er den 15. største øya i Noreg. Det høgaste punktet på øya er Arnøyhøgda på 1170 moh.

Arnøya
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°08′N 20°35′E / 70.133°N 20.583°E / 70.133; 20.583

Areal 276 km²

Høgaste punkt Arnøyhøgda (1170 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 295 (2021)
Folketettleik 1,1 /km²

Det er ferjesamband frå Lauksundskaret på Arnøya til Nikkeby på Laukøya og Storstein på Kågen. I tillegg går det snøggbåt til Tromsø om lag ein gong til dagen.

Dei største busetnadane på øya er Lauksletta, Arnøyhamn (inkl. Haugnes og Langfjord), Akkarvik og Årviksand. Øya har 295 innbyggjarar (2021). Det er skule og butikk i Arnøyhamn og Årviksand. Av større bedrifter finn ein Arnøy Laks og Årvikbruket.

Kjelder

endre