Kai Arne Engelstad
Kai Arne Engelstad (fødd 21. desember 1954) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Oslo. Han vann bronsemedaljen på 1000 meter under Vinter-OL 1984 og kom på tredjeplass i sprint-VM same sesongen. Engelstad, som vann tre nasjonale sprintmeisterskap, var medlem i Arbeidernes Skøyteklubb/Ask Skøyteklubb.
Kai Arne Engelstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. desember 1954 (70 år) Oslo |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1980, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1000 meter herrer |
Engelstad vart nummer fem og beste nordmann ved sprint-VM 1976 i Vest-Berlin. Året etter vart han norsk sprintmeister på Tynset, medan han i 1978 og 1979 måtte sjå seg slått av Frode Rønning i dei nasjonale sprintmeisterskapane. I 1980 kom Engelstad på femteplass i sprint-VM.
Etter tredjeplassar ved sprint-NM 1981 og 1982, gjekk Engelstad dei neste sesongane heilt til topps ved sprintmeisterskapen 1983 på Røros og 1984 i Verdal. Seinare i OL-sesongen 1984 fekk han bronsen på 1000 meter under vinterleikane i Sarajevo i dåverande Jugoslavia. Tre veker etter vinterleikane vart han nummer tre ved sprint-VM i Trondheim.
Engelstad la opp etter 1986-sesongen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kai Arne Engelstad» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- «Kai Arne Engelstad» (på engelsk). Olympedia.