Kaimaklí i Levkosía

Kaimaklí (gresk Καϊμακλί, tyrkisk Kaymaklı eller Büyük Kaymaklı, "Store Kaimakli") er ein bydel i byen Levkosía i distriktet Levkosía i Republikken Kypros. Bydelen ligg aust i byen og grensar i sør til nabokommunen Aglandziá, i aust til busetnadene Týmvou og Palékythro, i nord til Néo Khório, Mía Miliá og Mándres.

Kaimaklí
bydel
Land
Distrikt

Land
Distrikt
 Kypros
Levkosía

 Nord-Kypros
Lefkoşa
By Levkosía
Folketal 11 564[1]  (2011)
Kart
Kaimaklí i Levkosía
35°11′07″N 33°23′25″E / 35.18528582°N 33.39017257°E / 35.18528582; 33.39017257
Bydelen Kaimaklí i Levkosía
Bydelen Kaimaklí i Levkosía
Bydelen Kaimaklí i Levkosía
Wikimedia Commons: Kaimakli, Nicosia

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den austlege delen av bydelen vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein del av Lefkoşa (Nord-Levkosía).[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av Kaimaklí som framleis er under kontroll av republikken Kypros 11 564 innbyggjarar.[1] Den delen som er administrert av Nord-Kypros vart rekna saman med Küçük Kaymaklı (Omorfíta). Dei hadde i alt 10 572 inbyggjarar i 2011.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  2. 2,0 2,1 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.