Karen Johanne Isaachsen (23. januar 187319. august 1954)[1], betre kjend som Kaja Isaachsen, var ein norsk forfattar og kvinnesakskvinne med eit sterkt engasjement for kvinneleg valdeltaking og representasjon.

Kaja Isaachsen
Fødenamn Karen Johanne Storjohann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. januar 1873
Christiania
Død

19. august 1954 (81 år)
Drøbak

Yrke skribent, kvinnesaksforkjemper, politikar
Far Johan Storjohann
Mor Nanna Storjohann

Familie

endre

Kaja Isaachsen var dotter av presten Johan Storjohann (1832–1914, grunnleggjaren av den norske sjømannsmisjonen) og sedskapsforkjemparen Nanna Holmboe (Nanna Storjohann, 1838–1898), og syster av læraren og barnebokforfattaren Marie Michelet (1866–1951). 7. september 1897 gifta ho seg i Ås[2] med veterinæren og rektor ved Noregs landbrukshøgskule Haakon Isaachsen (1867–1936) av slekta Willoch, ein bror av forfattaren Hanna Isaachsen (1861–1929).

Liv og virke

endre

Isaachsen arbeidde som lærar i Kristiania fram til familien flytta til Ås då faren var blitt sokneprest der i 1894. Då var ho i ein kort periode lærar ved middelskulen i Ås. I 1907 blei ho vald til domsmann. I 1909 stifta ho Aas Kvindesagsforening, og blei den fyrste leiaren i foreininga. Ved kommunevalet i 1919 stilte ho til val for Aas Kvindesagsforening, som stilte med ei rein kvinneliste.

Aas Kvindesagsforening sleit med oppslutnaden, og i 1920 endra foreininga namn til Aas Husmoderforening. Under leiing av Isaachsen opplevde foreininga ei sterk auking i tilslutnaden. Ho arbeidde for kvinner si deltaking i politikken, og for å gje dei tradisjonelle kvinneyrkene høgare status.

Issachsen skreiv noveller, artiklar og prologar, som blei publiserte i samtidas dameblad. I 1914 gav ho ut sin første roman, Amor kommer. To år seinare kom ho med romanen Guldkuren og fortsetjinga til romanen Floken.

Frå 1918 organiserte Isaachsen filmframsyningar på Landbrukshøgskulen. Ho var kinostyrar ved skulen i mange år.

Bibliografi

endre
  • 1914: Amor kommer, Helge Erichsens forlag, Kristiania
  • 1916: Guldkuren, With, Kristiania
  • 1916: Floken (fortsetjing av Guldkuren), With, Kristiania

Kjelder

endre
  1. Morgenbladet 1953.08.20. 1953. 
  2. Studenterne fra 1886. 1911. s. 201. 

Bakgrunnsstoff

endre