Hanna Isaachsen
Hanna Isaachsen (1. mai 1861–13. juli 1929) var ein norsk barnepsykolog, forfattar, redaktør og kvinnesaksaktivist. Ho var ein periode styremedlem i Norsk Kvinnesaksforening og leiar av Kvindernes Vælgerforening.[1] Ho var også den fyrste norske kvinna til å vere ordførar for Lagretten ved eit lagmannsting.
Hanna Isaachsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mai 1861 Horten kommune |
Død | |
Yrke | politikar, skribent, redaktør, kvinnesaksforkjemper |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Familie
endreHanna Isaachsen var dotter av kommandør Isak Tobias Isaachsen (1834–1893) av slekta Willoch og Fredrikke Andrea Rude. Ho blei gift 7. desember 1882 i Kristiansand[2] med broren til faren, jarnbaneingeniøren Einar Isaachsen Willoch (1841–1921), som også var bror av målaren Olaf Isaachsen. Dei var foreldre til blant andre marineoffiseren Odd Isaachsen Willoch (1885–1940), og besteforeldre til politikareb og statsministeren Kåre Isaachsen Willoch, høgsterettsadvokat og luftfartsdirektøren Erik Isaachsen Willoch (1922–1991) og ingeniøren Jan Isaachsen Willoch (1924–2001).
Liv og virke
endreI oktobernummeret av tidsskriftet Husmoderens i 1898 blei lesarane oppfordra til å skrive om sine erfaringar med oppsedinga av gutar. Isaachsen skreiv fleire artiklar om emnet, og i 1900 samla ho desse i utgjevinga Vore gutter – om opdragelse, som vart gjeven ut på Aschehoug.[3]
Isaachsen var ein aktiv kvinnesaksforkjempar, med styreverv i Norsk Kvinnesaksforening og leiarverv i Kvindernes Vælgerforening[4] og i Norske Kvinners Nasjonalråd.[5] Ho stilte som delegat for foreininga ved fredskongressen i Haag i 1919.[6] Ho var involvert i Norges fredsforening, og redaktør for foreininga sitt magasin Folkefred.[7] Isaachsen var medlem i Oslo Kvinneparti,[8] og involvert i Kvinderness læseværelse i Drammen.[9]
I 1906 var Isaachsen den fyrste norske kvinna som var ordførar for Lagretten ved eit lagmannsting.[10] I 1915 var ho medlem av den norske delegasjonen til kongressen Internasjonal kvinneliga for fred og fridom.[11]
I 1920 gav Isaachsen ut romanen Blodets baand.
Bibliografi
endre- 1900: Vore gutter – om opdragelse, Aschehoug, Kristiania
- 1920: Blodets baand, Steen, Kristiania/København
Kjelder
endre- ↑ Lønnå, Elisabeth (1996). Stolthet og kvinnekamp. I samarbeid med Norsk kvinnesaksforening. s. 59. ISBN 8205244952.
- ↑ "Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7RK-2MJ : 20 February 2020), Hanna Isaachsen in entry for Einar Isaachsen, 1882.
- ↑ Isaachsen, Hanna (1900). Vore gutter. Aschehoug.
- ↑ Norske kvinder. Berg & Høgh. 1925.
- ↑ Dagbladet 1923.06.07. 1923. s. 1.
- ↑ Norges Kvinder 1926.03.27. 1926. s. 2.
- ↑ Akershus Amtstidende 1920.08.14. 1920. s. 1.
- ↑ Fosshaug, Lene (1989). Ubuden gjest i lukket selskap. [L. Fosshaug].
- ↑ Nylænde. Foreningen. 1903. s. 128.
- ↑ Tvedestrandsposten 1906.10.17. 1906. s. 3.
- ↑ Norsk gruppe av Internasjonal kvinneliga for fred og frihet 1915-1940. [Internasjonal kvinneliga for fred og frihet]. 2015. s. 9.
- Denne artikkelen bygger på «Hanna Isaachsen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 115. ISBN 8257900109.
- Lokalhistoriewiki.no: slekten Willoch, besøkt 27/3 2020.