Opna hovudmenyen

Kalevi Nikolai Hämäläinen (13. desember 193210. januar 2005) var ein finsk langrennsløpar som vart verdsmeister på 30 km i 1958 og olympisk meister på 50 km i 1960. Han fekk elles to VM-bronsar i høvesvis 1958 og 1962.

Kalevi Hämäläinen
Fødd 13. desember 1932
Juva
Død

10. januar 2005
Juva

Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Hämäläinen fekk sitt gjennombrot i 1955, då han vart nummer to etter landsmannen Pentti Myyrä på 18 km under Lahti-renna. Vinteren etter vann han 18-kilometeren i Lahti, med nordmennene Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen på dei neste pallplassane. Under vinter-OL i Cortina d'Ampezzo deltok Hämäläinen på 30 km og kom i mål til 20. plass.

Under ski-VM 1958 i Lahti deltok han i alle fire øvingane. Han vann VM-gullet på tremila, 13 sekundar før sølvmannen Pavel Koltsjin frå Sovjetunionen. Elles i meisterskapen gjekk han fyrsteetappen for Finlands bronselag i 4x10 km stafett og vart nummer sju på 50 km og nummer ti på 15 km.

Hämäläinen gjekk dei to lengste distansane under vinterleikane i Squaw Valley i 1960. På tremila kom han på tolvteplass, medan han overraska med OL-gull på femmila. Med startnummer 1 gjekk han i mål på tida 2.59.06,3. Startnummeret viste seg å vere heldig, då føreforholda forverra seg utover i løpet. Berre landsmannen Veikko Hakulinen heldt fylgje på passeringstidene, men denne måtte i mål gje tapt mot Hämäläinen med vel 20 sekundar.

Både i 1961 og 1962 vart Hämäläinen nummer fire på 18 km i Lahti-spelen, to tevlingar som begge vart vunne av norske Harald Grønningen. Under verdsmeisterskapen på ski 1962 i Zakopane fekk Hämäläinen bronsemedaljen på 50-kilometeren, tidlegare i meisterskapen vart han nummer åtte på tremila.

Veteranen Hämäläinen stod for store prestasjonar då han kom på tredjeplass på Lahti-femmila i 1965, og særleg då han året etter gjekk heilt til topps på same distansen. Sigeren i 1966 vart han siste triumf, der han viste landsmannen Eero Mäntyranta til andreplass og norske Lorns Skjemstad til tredjeplass. Også i 1967 gjekk han ei sterk femmil i Lahti, på blytungt føre vart han fjerdemann, der nordmannen Ole Ellefsæter vann framom fire finske milslukarar.

Hämäläinen la opp i 1968.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar