Opna hovudmenyen

Håkon Brusveen (fødd 15. juli 1927) er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Vingrom i Lillehammer.

Håkon Brusveen
Håkon Brusveen 1960.jpg
Fødd 15. juli 1927
Vingrom
Yrke langrennsløpar
Håkon Brusveen på Commons

Han vann to medaljar i Vinter-OL 1960 in Squaw Valley: ein gullmedalje i 15 km og ein sølvmedlaje i 4 x 10 km stafett. Under stafetten gjekk Brusveen ankeretappen for det norske stafettlaget, saman med Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Einar Østby. Noreg leiia store delar av konkurransen, men etter ein knallhard spurt måtte Brusveen sjå seg slegen av finske Veikko Hakulinen med berre 0,8 sekundars margin.

Brusveen har dessutan fire norske meisterskap, på 15 km i 1957 og 1958, på 30 km i 1958 og på 3 x 10 km stafett med Vingrom IL i 1957.

I 1958 vart han tildelt Holmenkollmedaljen (delt saman med Inger Bjørnbakken) og 1960 fekk han Morgenbladets gullmedalje.

Han har seinare vore ekspertkommentator for «Radiosporten» i NRK P1. I mange år samarbeida han med Bjørge Lillelien som kommenterte frå langrennsstadion medan Brusveen kommenterte ute frå løypa.