Kalking

tilførsel av kalk (basiske kalsium- eller magnesiumsambindingar) til jord eller vatn, primært for å minske surleiken

Kalking er tilførsel av kalk (basiske kalsium- eller magnesiumsambindingar) til jord eller vatn, primært for å minske surleiken. Kalking av vassdrag vert gjort for å motverke forsuring frå sur nedbør.

Kalking av fiskevatn vert ofte gjort ved å spreie kalken ut over vassflata ved hjelp av eit helikopter.

Kalking av vassdrag og vatn endre

Kalking av innsjøar og elver vert gjort for å redusere dei negative verknadene på fisk og andre organismer av at vatnet i vassdraget er for surt, særleg på grunn av sur nedbør. Ved å tilsetje kalk til vatnet, vert syra i vatnet nøytralisert.

Det er til vanleg ikkje syra som er den primære årsaka til at fisk og andre organismar i ferskvatn døyr. Dei aller fleste sure vassdraga i Noreg har pH-verde mellom 5 og 6, og det er fyrst når vatnet vert så surt at det har pH-verde under 5,0 at det vert drepande. Det som skader fisken i surt vatn, er den aukande konsentrasjonen av aluminium (Al3+) i vatnet når det vert surare. Dersom konsentrasjonen av aluminium i vatnet er høg, har det synt seg at fisk døyr jamvel om vatnet ikkje er særleg surt. Dei ulike fiskeartane toler aluminium og syre ulikt. Laks forsvinn fyrst ved forsuring av vatnet, og toler truleg aluminium særs dårleg.

Kalking av jord endre

Det meste av jorda i Noreg er sur. Udyrka jord har ofte pH-verdiar mellom 4 og 5, dyrka jord har pH mellom 5 og 7. Dersom jorda er særs sur, vert fosfor bunde til jarn og aluminium. I sterkt sur jord kan det verte så sterk konsentrasjon av aluminium- og manganioner at det kan gje giftvirking. Kalking gjev vanlegvis auka avlingar dersom pH-verdet er under 5,5. Er pH-verdet over 6,5 vert ei rekkje av næringsstoffa i jorda mindre tilgjengelege for plantene dersom jorda vert kalka.

I mineralfattig jord (torvjord) er det totalt så lite innehald av jern, aluminium og mangan at vekstane toler lågare pH-verde (surare jord) enn når det gjeld mineraljord.

Kjelder endre