Den kamkeramiske kulturen

(Omdirigert frå Kamkeramisk kultur)

Den kamkeramiske kulturen er ein steinalderkultur som er påvist i barskogbeltet i Nordaust-Europa i steinalderen omtrent 5 000–2 000 f.Kr. På det største var kulturen utbreidd frå Bottenvika og Austersjøen til Ural og frå munningen av Wisla til Polhavet. Keramiske kar er over heile området av same form, men det er til ein viss grad variasjon i dekorasjonane. Området til den kamkeramiske kulturen er meir eller mindre det same som området der det langt seinare vart snakka finsk-ugriske språk. Det er dermed mogleg at den kamkeramiske kulturen er knytt til forfedrene til talarane av desse språka.[1]

Dei ulike kulturane i Europa ca. 6000–4000 f.Kr.
Kamkeramikk frå Taipalsaari i Finland[2]

Kamkeramikken representerer den eldste keramikken i Finland. Kulturen har fått namnet sitt frå 40-50 liter store kar med bølgande mønster som i slutten av perioden hadde avtrykk av kammar.

Område endre

Området for kamkeramiske føremål er omtrent følgjande: I vest Kalixälven og Bottenvika i Sverige, Finnmark og Troms i Noreg, i sør Wisla-elva i Polen og i Baltikum m.a. Zvejnieki 1. I det søraustre Russland går den kamkeramiske kulturen sakte over i keramikkstilen funne i Uralfjella[3]

Datering endre

I Finland kom den kamkeramiske perioden etter Suomusjärvi og Kunda-kulturane. Etter den kamkeramiske perioden kom Kiukaiskulturen, som viser påverknad frå stridsøkskulturen.

Materiell kultur og levemåte endre

Det har vore ein teori at den kamkjeramiske kulturen i perioden 5 200–2 000 før notida har snakka finsk-ugriske språk, i og med at kulturberarane budde på omtrent det same området som desse språka seinare vart snakka på.[3] Det ser likevel ikkje ut til å vere knytt store folkevandringar til denne kulturen, andre funn enn sjølve keramikken viser til kontinuitet.

Den kamkeramiske folkesetnaden gravla dei daude, og la flintspissar og ravsmykke i grava.

Mesteperten av den finske bergkunsten er frå den kamkeramiske perioden. Til denne perioden høyrer også funn av små menneskefigurar (eller figurin) i leire.

 
Laukaan Hartikasta löytynyt punamultahauta. Kuvassa näkyy myös haudassa säilyneitä liuskerenkaita.[4]

Språk endre

Den tradisjonelle forklaringa på sambandet mellom språk og arkeologi har vore at folka i det kamkeramiske området snakka eit finsk-ugrisk språk, som vart spreidd i lag med kulturen.[3] Dette synet dominerte framleis forsking på1980- og 1990-talet. Språkforskaren Petri Kallio presenterte likevel i 2006 ein teori om at det finskugriske urspråket er langt yngre enn den kamkeramiske perioden.[5] Fennougristen Jaakko Häkkinen presenterte i 2009 fleire argument til støtte for Kallio sine teoriar; i følgje Häkkinen er den kamkeramiske perioden for tidleg til å kunne bli knytt til utbreiinga av dei uralske språka.[6]

Også arkologane har vore skeptisk til å knytte arkeologiske kulturar så klårt til språk som det tradisjonelle synet gjorde.[7]

Andre kamkeramikk-kulturar utanfor Europa endre

 
Kar av typen «Jeulmun» frå Korea ikring 4000 fvt.

Ein har også funne kamkeramikk langs øvre del av Volga, sørlege Sibir, Bajkalsjøen, det mongolske platået, Liadong-halvøya og på Korea-halvøya.[8] Den eldste kamkeramikken vart funnen i utgravingar av Liao-sivilisasjonen frå Xinglongwa-kulturen (6200-5400 fvt.).[9]

Kjelder endre


Fotnotar endre

  1. toim. Matti Saarnisto (2003). Karjalan synty. Karjalan Kirjapaino Oy. s. 183–187. ISBN 952-5200-37-X. 
  2. «saviastia; kampakeraaminen saviastia». Henta 23. januar 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Museovirasto
  4. «Hauta 5, taso 50 cm». Henta 24. januar 2018. 
  5. Kallio, Petri 2006: Suomen kantakielten absoluuttista kronologiaa. – Virittäjä 1/2006. http://www.kotikielenseura.fi/virittaja/hakemistot/jutut/2006_2.pdf
  6. Häkkinen, Jaakko 2009: Kantauralin ajoitus ja paikannus: perustelut puntarissa. – Suomalais-Ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 92. http://www.sgr.fi/susa/92/hakkinen.pdf
  7. esimerkiksi Trigger, Bruce 1994: Ethnicity – An Appropriate Concept for Archaeology? Fennoscandia archaeologica XI, s. 100–103.
  8. [1](in Japanese)
  9. 中国北方新石器文化研究の新展開【詳細報告】「東北アジアにおける先史文化の交流」 王 巍(中国社会科学院考古研究所・副所長), arkivert frå originalen 21. februar 2015, henta 17. august 2019 

Bakgrunnsstoff endre