Steinblokk

(Omdirigert frå Kampestein)

Steinblokk eller berre ei blokk er i geologi ein stein med ein storleik på minst 20 cm i diameter på Atterberg-skalaen og minst 60 cm i ingeniørgeologien. Enkelte blokker kan vere små nok til at dei kan flyttast eller rullast med handkraft, medan andre er særs massive, som kampesteinar. Vanlegvis er blokkene for store til å flyttast av ein enkelt person. Mindre blokker vert vanlegvis berre kalla steinar.

Denne balanserande steinblokka Balanced Rock står i Garden of the Gods-parken i Colorado Springs.
Steinblokk på ei strand i Saaremaa i Estland. Slike flyttblokker frå isbrear er vanlege på strendene i Baltikum..

I område som var dekte av isbrear under istider, som Skandinavia, nordlege Nord-Amerika og Russland, er flyttblokker vanlege. Flyttblokker er blokker fanga i isen og som vart flytta og så avsett når isen smelta. Desse er ofte ein annan bergart enn berggrunnen dei ligg oppå.

Somme steinformasjonar er enorme blokker som er forma av erosjon, som Devil's Marbles i Australia, Wairere BouldersNew Zealand, der ein heil dal berre består av steinblokker og The Baths på øya Virgin Gorda i Dei britiske Jomfruøyane.

Klatring av store steinblokker krev ofte månader eller til og med år med øving, og har gjeve opphav til sporten buldring (av engelsk bouldering, som igjen kjem av det engelske ordet for ei steinblokk, boulder)

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre