Kaposvár (tysk Kopisch, Ruppertsberg, Ruppertsburg, kroatisk Kapošvar, Kapuš(ar), Kapušvar, tyrkisk Kapoşvar, serbisk Kapošvar eller Капошвар) er ein by i Ungarn, og hovudstad i fylket Somogy. Han ligg 186 km sørvest for Budapest ved elva Kapos.

Kaposvár
Flagget til Kaposvár Byvåpenet til Kaposvár
Flagget til Kaposvár Byvåpenet til Kaposvár


Plassering
Kaposvár is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Sør-Transdanubia
Somogy
Først nemnd i 1009
Geografi
Flatevidd
 - By

113,59 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

67 954
  598/km²
Koordinatar 46°22′00″N 17°47′00″E / 46.36667°N 17.78333°E / 46.36667; 17.78333
Høgd over havet 82 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 7400
Telefon-retningsnummer 82
Heimeside: www.kaposvar.hu

Historie endre

I følgje segna vart byen grunnlagd på sjå åsar. Området har vore busett dei siste sju tusen åra. Rundt år 400 fvt. var keltarar busett i området.

Byen vart først som Kapos i dokument frå bispedømet Pécs i 1009. Den rektangulære motteborga vart rekonstruert som ei steinborg på 1400-talet. Borga vart øydelagd i 1702 etter ordre frå Leopold I av Det tysk-romerske riket.

Osmanarane erobra byen etter ei fem dagar lang omleiring i 1555. Han vart frigjort frå det osmanske styret i 1686.

I 1749 vart Kaposvár fylkeshovudstad. På 1800-talet utvikla byen seg kraftig sidan han låg ved jernbanen mellom Budapest og Zagreb. Kaposvár vart ein viktig industriby.

I 1950 vart landsbyen Kaposszentjakab ein del av byen og i 1973 òg landsbyane Kaposfüred, Toponár og Töröcske.

I 1990 fekk Kaposvár, som ein by med meir enn 50 000 innbyggjarar, status som by med fylkesrettar. Sidan 1993 har han vore sete for ein biskop. Universitetet i Kaposvár vart grunnlagd i 2000.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre