Kappsolfugl

art av sporvefuglar
Kappsolfugl
Hannfugl Foto: Alan Manson
Hannfugl
Foto: Alan Manson
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Solfuglar Nectariniidae
Slekt: Cinnyris
Art: Kappsolfugl C. chalybeus
Vitskapleg namn
Cinnyris chalybeus

Kappsolfugl (Cinnyris chalybeus) er ein fugl i solfuglfamilien som lever i sørlegaste Afrika.

Kappsolfugl, hofugl
Foto: Lip Kee Yap

Skildring endre

Kappsolfuglar er 12 centimeter lange og veg frå 6 til 10 gram.[1] Vaksne hannar har glansa, metallisk grønt hovud, strupe, øvre bryst, nakke og rygg med overgumpen. Han har eit strålande raudt band over brystet, skilt frå det grøne øvre brystet med eit smalt metallblått band. Resten av undersida er lys beige. Dei kan vise gulaktige fjørtufsar på skuldrene. Som andre solfuglar er nebbet langt og nedbøygd. Nebbet, beina og føtene er svarte. Auga er mørk brune. Hannar av kappsolfuglar skil seg frå den liknande breibeltesolfuglen ved litt mindre storleik, smalare raudt brystband og kortare nebb.

Hofuglar har brun overside og gulgrå underside. Juvenile fuglar liknar hoene. Hofuglar av kappsolfugl og breibeltesolfugl kan skiljast med gråare underside hos kappsolfugl.

Denne solfuglen har utbreiingsområde frå sørlegaste Namibia, og i Sør-Afrika gjennom vestlege Northern Cape, Western Cape, og nordaustover nord til Limpopo. Han er vanleg i hagar, fynbos, skog og krattskog ved kystar. Hekketida er frå april til desember, avhengig av region. Det lukka ovalforma reiret er konstruert av gras, lav og anna plantematerialar, bunde saman med spindelvev. Han har ein sideinngang som nokon gonger har ein «veranda», og er fôra med ull, plantefiber og fjører.

Kappsolfuglar blir vanlegvis sett einskildvis eller i små grupper. Flyginga er snøgg og direkte på korte venger. Han lever hovudsakleg på nektar frå blomar, men tar litt frukt, og spesielt når dei matar ungane tar dei òg insekt og edderkoppar. Det kan ta nektar ved å «stille» i lufta nesten som ein kolibri, men vanlegvis sit dei på ei grein eller annan plantedel når dei tar føda.

Kontaktropet er eit hardt 'stji-stji', eller liknande, og songen er elles høgfrekvent og med lite regelbundne tonar, stigande og fallande i tone og tempo i 3-5 sekund eller meir.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Cheke, R. & Mann, C. (2018) Southern Double-collared Sunbird (Cinnyris chalybeus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. mars 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Cinnyris chalybeus. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. mars 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kappsolfugl