Fynbos (frå afrikaans fyn, 'fin, smal' og bos, 'busk', uttalt ˈfɛi̯nbos) er eit plantesamfunn i dei sørvestlege delane av Sør-Afrika. Vegetasjonen består hovudsakleg av eviggrøne buskar og grasaktige plantar. Blada på buskane kan vera fine og nåleforma eller tjukke og lêraktige. Fynbos-området er elles kjenneteikna av stort biologisk mangfald[1] og ei høg grad av endemisme (mange artar som lever her, finst berre her).[2] Fynbos utgjer rundt halvparten av den særmerkte floraregionen Cape. Det finst rundt 8 500 ulike artar har, og oppimot 6 000 av dei er endemiske.[3]

Fynbos

Generelt endre

 
Fynbos med knollvekstar og sølvtre nær Devil's Peak ved Cape Town.

Området har middelhavsklima med tørre, varme somrar og vintrar som er regnfulle og kjølige, men frostfrie. Jorda er inndelt i seks florarike, og Kapplandet er rekna som eit eige florarike. Det er det minste florariket i verda, og det einaste som ligg i berre eitt land. Florariket omfattar 8700 planteartar, og 68 % av artane er endemiske. Kapplandet har den høgaste artsrikdommen av plantar i heile verda med 1300 arter per 10 000 km².[3] Til samanlikning har den søramerikanske regnskogen på andreplass berre 400 arter per 10 000 km².

Ordet fynbos blir av og til brukt om all vegetasjonen i florariket, men det finst også andre vegetasjonstypar her, som karoo og skog. Fynbosbiomet omfattar to typar plantesamfunn - renosterveld og eigentleg fynbos. Plantesamfunnene minner mykje om tilsvarande vegetasjon andre stader med same klima, som maquis og garrigue i middelhavslanda.

Fynbosen veks i eit halvmåneforma område langs kysten frå Lambert's Bay og Nieuwoudtville i nord sørover til Cape Town og austover til Port Elizabeth. I fjella finst det artsfattig, fynbosliknande vegetasjon vidare aust til Grahamstown. Denne fjellfynbosen finst delvis utanfor grensene til Cape-florariket. Verdsarvområdet Cape floraregion blei skipa i 2004, og består av åtte verneområde, spreidd over store delar av Sør-Afrika.

Renosterveld endre

 
Renosterveld ved Cape Town

Artar i korgplantefamilien dominerer i renosterveld, særleg renosterbos (Elytropappus rhinocerotis), som har gjeve namn til vegetasjonstypen. Renoster er afrikaans for 'nashorn'. Vegetasjonen består hovudsakleg av buskar med små, harde, grå blad. Buskene høyrer til slekter som Eriocephalus, Felicia, Helichrysum, Pteronia og Relhania i korgplantefamilien, Aspalathus i erteblomfamilien, Anthospermum i maurefamilien, Hermannia i kattostfamilien og Passerina i tysbastfamilien.

Gras er også viktig i renostervelden, og det kan tenkast at buskane delvis har fortrengd graset etter at intensiv beiting frå husdyr tok til på 1700-talet. Knollvekstar i sverdliljefamilien, liljefamilien og orkidéfamilien er også viktige. Dei tre viktige familiane i fynbosen - lyngfamilien, Proteaceae og Restionaceae - manglar nesten heilt.

Vegetasjonstypen veks på fruktbar leire og silt, og store delar av arealet blir no brukt til dyrking av kveite. Berre fem prosent av det opphavlege arealet er bevart. Renosterveld er avgrensa til område med ein årsnedbør mellom 250–600 mm i året. Viss nedbøren er høgare, blir jorda vaska ut og fynbos oppstår i staden. Lågare nedbør fører til at karoo-vegetasjonen overtek.

Renostervelden er eit produktivt økosystem, og her fanst det tidlegare fleire store planteetarar som fjellsebra, kvagga, blåbukk, kuantilope, elgantilope, bontebukk, elefant, svart nashorn og afrikabøffel. Desse dyra blei jakta på av løve, gepard, hyenehund, flekkhyene og leopard. Fjellsebra og leopard finst framleis i fjellområda, og det finst ein liten bestand av bontebukk. Dei andre artane er borte, og blåbukken og kvaggaen er globalt utrydda.

Fynbos endre

 
Fynbos på Cape-halvøya
 
Fynbos i Swaartberg naturreservat.

Fynbosvegetasjonen har tre hovudelement. Det første elementet består av artar i Restionaceae. Desse plantane minner om gras, og erstattar gras på næringsfattig jord med utprega vinterregn. Nokre definisjonar av fynbos krev at minst fem prosent av marka er dekt av artar frå Restionaceae. Starr og mange grasartar som veks i fynbosen, minner om Restionaceae ved at dei har reduserte eller manglande blad og ein trådaktig stilk.

Det andre elementet består av lyngaktige plantar med smale, erikoide blad. Dei fleste høyrer til lyngfamilien, og poselyngslekta har over 600 arter i fynbosen. Plantar med tilsvarende morfologi finst også i korgplantefamilien, Bruniaceae, erteblomfamilien, trollheggfamilien og tysbastfamilien. Artar i familien Proteaceae utgjer det tredje elementet. Dei har breie, tjukke blader og er dei høgaste plantane i vegetasjonstypen. I Kapplandet er denne familien nesten heilt avgrensa til fynbosen. Ein kjend art er sølvtreet Leucadendron argenteum.

Seks plantefamiliar er heilt eller nesten heilt endemiske for fynbosen: Bruniaceae, Geissolomataceae, Grubbiaceae, Penaeaceae, Roridulaceae og Stilbaceae. Dei fleste av desse familiane har ganske få artar.

Fynbos veks på utvaska, næringsfattig jord. Berggrunnen er ofte sandstein, men viss årsnedbøren er høgare enn 600–800 mm, kan fynbos gro på granitt og skifer. Viss årsnedbøren er lågare enn 200 mm blir fynbos fortrengd av sukkulent karoo-vegetasjon.

Biomassen av dyr i fynbosen er ganske låg, men det er ein del endemiske artar av fuglar, pattedyr, froskar, krypdyr og insekt her. Dyra er viktige for pollinering og frøspreiing, men beiting frå dyr påverkar vegetasjonen lite. Dette kjem delvis av at fynbosplantane er lite næringsrike.

 
Fynbos etter brann, med daude protea-plantar og oransje protea-frø.

Brannar er viktig for fynbosen, og vegetasjonen må brenna med 6–45 års mellomrom for å oppretthalda mangfoldet. Mange artar har frø i eldsikre kapslar, medan andre nytter maur som grev ned frøa på stader der dei er trygge for gnagarar og eld. Om fynbosen ikkje får brenna, mistar plantane livskrafta og blir erstatta av tre og kratt.

På grunn av den næringsfattige jorda har fynbosen lita interesse for jordbruk, men på dei beste stadene er han delvis brukt til fruktdyrking og vingardar. Han har størst tyding for friluftsliv og som nedslagsfelt for vasskjelder. Dei største trugsmåla mot fynbosen er framande artar og folkevekst. Innanfor grensene til millionbyen Cape Town er det til dømes to ulike senter for endemisme. Nye jordbruksmetodar og påsette brannar i feil årstid er også trugsmål.

Bruk endre

Rooibos (Aspalathus linearis) og heuningbos (Cyclopia intermedia) har fått økonomisk tyding. Dei blir dyrka og hausta i store mengder i Cederberg-området og ekportert. Restio har vore brukt til taktekking gjennom ei årrekkje, ein bruk som har fortsett. Protea og andre blomar blir dyrka fleire stader og blomane selde eller eksporterte.

Mange stader med middelhavsklima har fynbos-plantar blitt populære hageplantar, som aloe og pelargonium, og som sommar- eller stoveplantar i kjøligare område.

Ei rekkje fynbosplantar blir brukt i tradisjonell medisin. Berre eit fåtal er blitt vitskapleg testa, men blant dei som er blitt testa har ein funne medisinske eigenskapar.[4][5][6]


Galleri endre

Kjelder endre

  1. Manning, John (2008). Field Guide to Fynbos. Cape Town: Struik Publishers. ISBN 9781770072657. 
  2. «Lowland fynbos and renosterveld». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. Henta 26. januar 2010. 
  3. 3,0 3,1 «Fynbos, South Africa». panda.org. Henta 15. januar 2017. 
  4. «Working with fynbos - Fynbos Hub». fynboshub.co.za. Arkivert frå originalen 22. desember 2017. Henta 15 January 2017. 
  5. «Pig’s ears and buchu brandy: medicinal plants of the fynbos – Table Mountain Aerial Cableway - Official Website». tablemountain.net. Arkivert frå originalen 22. desember 2017. Henta 15 January 2017. 
  6. «Commercialization of South African Indigenous Crops: Aspects of Research and Cultivation of Products». purdue.edu. Henta 15 January 2017.