Karakalpakstan
Land  Usbekistan
Hovudstad Nukus
Areal 160 000 km²
Folketal 1 817 500 (2017)
Kart
Karakalpakstan
43°2′ N 58°52′ E
Wikimedia Commons: Karakalpakstan

Karakalpakstan er ein sjølvstyrt region vest i Usbekistan. Næringslivet består av produksjon og eksport av bomull. Hovudstaden i regionen er Nukus, som ligg ved Aralsjøen.

Området har namn etter karakalpak-talande karakalpakfolk. Dette namnet er sett saman av 'kara', som tyder 'svart', og kalpak, 'hatt' eller 'lue'.[1] Sisteleddet -stan tyder 'land'.

Geografi endre

Gutar ved ein stranda båt ved Moynaq.

Karakalpakstan ligg i den nedste delen av Amu-Darja-bekkenet, og er no for det meste ørken.[2][3][4] Det har ein flatevidd på 164 900 km².[5] Regionen er også omgjeven av ørkenar, Kyzylkum i aust og Karakum i sør. I vest strekkjer eit steinete platå seg mot Kaspihavet.[6]

Folketalet i Karakalpakstan er estimert til rundt 1,7 millionar.[7] I 2007 blei det estimert at rundt 400 000 av dei var karakalpakfolk, 400 000 usbekarar og 300 000 kasakhar.[8] Språket karakalpak er rekna som nærare kazakhisk enn usbekisk.[9] Språket blei skrive med modifiserte kyrilliske bokstavar i sovjettida, og har blitt skirve med latinske bokstavar sidan 1996.

I tillegg til Nukus er andre større byar Xojeli (Ходжейли), Taxiatosh (Тахиаташ), Shimbai (Шымбай), Konirat (Қоңырат) og Moynaq (Муйнак), ein tidlegare hamneby ved Aralsjøen som no ligg på tørt land.

Historie endre

Karakalpakstan dekkjer oldtidsriket Khwarezm, men er omtalt i klassisk persisk litteratur som Kāt (کات). Mellom rundt 500 f.Kr. og 500 e.Kr. omfatta området eit frodig jordbruksland ved hjelp av omfattande kunstig vatning.[6] Karakalpakfolk som levde som nomadiske gjetarar og fiskarar blei først omtalte på 1500-talet.[8]

Karakalpakstan blei avstått frå Khiva-khanatet til Tsar-Russland i 1873.[10] Regionen blei skipa av Sovjetunionen i 1925.[11] Under Sovjetunionen var det eit sjølvstyrt område innan Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken før det blei del av Usbekistan i 1936.[12]

På grunn av den store minskinga av Aralsjøen er Karakalpakstan no ein av dei fattigaste delane av Usbekistan.[8] Regionen lir av tørke, dels grunna vêrmønster men også i stor grad fordi vatnet i Amu og Syr-Darja for det meste blir brukt opp aust i landet. Feilslåtte avlingar har ført til at 48 000 folk har mista hovudinntektskjelda si, og mangel på reint drikkevatn har ført til ei oppblomstring av infeksjonssjukdommar.[3]

Kjelder endre

  1. «Kara-Kalpaks». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). 1911. 
  2. Batalden, Stephen K.; Batalden, Sandra L. (1997). The newly independent states of Eurasia: handbook of former Soviet republics. Greenwood Publishing Group. s. 187. ISBN 0-89774-940-5. Henta 3. mars 2012. 
  3. 3,0 3,1 Thomas, Troy S.; Kiser, Stephen D.; Casebeer, William D. (2005). Warlords rising: confronting violent non-state actors. Lexington Books. s. 30, 147–148. ISBN 0-7391-1190-6. Henta 3. mars 2012. 
  4. Merkel, Broder; Schipek, Mandy (2011). The New Uranium Mining Boom: Challenge and Lessons Learned. Springer. s. 128. ISBN 3642221211. Henta 7. juni 2012. 
  5. Roeder, Philip G. (2007). Where nation-states come from: institutional change in the age of nationalism. Princeton University Press. s. 55, 67. ISBN 0-691-13467-7. Henta 3. mars 2012. 
  6. 6,0 6,1 Bolton, Roy (2009). Russian Orientalism: Central Asia and the Caucasus. Sphinx Fine Art. s. 54. ISBN 1-907200-00-2. Henta 3. mars 2012. 
  7. The State Committee of the Republic of Uzbekistan on Statistics Arkivert 2012-07-15 ved Archive.is
  8. 8,0 8,1 8,2 Mayhew, Bradley (2007). Central Asia: Kazakhstan, Tajikistan, Uzbekistan, Kyrgyzstan, Turkmenistan. Lonely Planet. s. 258. ISBN 1-74104-614-9. Henta 3. mars 2012. 
  9. Karakalpakstan: Uzbekistan’s latent conflict Arkivert 4. mars 2016 ved Wayback Machine., 6. januar 2012
  10. Richardson, David; Richardson, Sue (2012). Qaraqalpaqs of the Aral Delta. Prestel Verlag. s. 68. ISBN 978-3-7913-4738-7. 
  11. «The Qaraqalpaqs», www.qaraqalpaq.com, henta 15. mai 2020 
  12. Europa Publications Limited (2002). Eastern Europe, Russia and Central Asia. Taylor & Francis. s. 536. ISBN 1-85743-137-5. Henta 3. mars 2012.