Opna hovudmenyen

Syr-Darja (kasakhisk Сырдария, Syrdarija; tadsjikisk Сирдарёm, Sirdarjom; usbekisk Sirdaryo; farsi سيردريا, Syrdarja eller Sirdarjo) er ei elv i Sentral-Asia, stundom kalla Jaxartes frå det gamle greske namnet ὁ Ιαξάρτης.

Syr-Darja
elv
Khujand.jpg
Syr-Darja ved Khujand i Tadsjikistan
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan, Flag of Uzbekistan.svg Usbekistan Flag of Tajikistan.svg Tadsjikistan
Nedslagsfelt 219 000 km²
Lengd 2 212 km
Vassføring for munningen
 - middel 703 /s
Kjelde Naryn og Kara-Darja
Munning Aralsjøen
Wikimedia Commons: Syr Darya

GeografiEndra

Elva startar der dei to elvane Naryn og Kara-Darja renn saman i Tian Shan-fjella (i antikken Imeonfjella) Namangan i Ferganadalen aust i Usbekistan. Ho renn så 2 212 km, først inn i Tadsjikistan og så inn i vestlege og nordvestlege område av Usbekistan og det sørlege Kasakhstan til restane av Aralsjøen. Området mellom Syr-Darja og den parallelle elva Amu-Darja i sør, vert kalla Transoksania.

Nedslagsfeltet til Syr-Darja er på over 800 000 km², men i dette tørre området er det berre eit 200 000 km² stort område som gjev vatn til elva. Syr-Darja gjev vatn til dei rikaste bomullsområda i heile Sentral-Asia, i tillegg til byane Kokand, Khujand, Kyzylorda og Turkestan.

NamnEndra

Det greske namnet kjem frå gamalfarsi, Yakhsha Arta («Store perleklar»), ein referanse til fargen på vatnet til elva. I islamske kjelder frå mellomalderen vert elva kalla Sayhoun (سيحون), etter ei av fire elvar i paradis. Elva markerte den nordlegaste grensa til Aleksander den store sine erobringar og greske historikarar hevdar at han her grunnla byen Aleksandria Eskhate i 329 f.Kr.. Byen heiter i dag Khujand. I røynda hadde han berre gjeve eit nytt namn til byen Kyropolis som vart grunnlagd av kong Kyros den store av Persia, meir enn to hundreår tidlegare.

 
Solnedgang over Syr-Darja i Kyzylorda.

Økologisk katastrofeEndra

Eit omfattande nettverk av kanalar vart bygd på 1700-talet av den usbekiske khanaten av Kokand i heile området som elva renn gjennom . Desse vatningskanalane vart kraftig utbygd i sovjetperioden for å gje vatn til bomullsmarkene. Dette gjekk særs hardt ut over dei økologiske forholda i området og elva tørka opp lenge før ho nådde Aralsjøen. Som følgje av dette har Aralsjøen krympa inn til ein fjerdedel av storleiken han ein gong hadde. Med millionar av menneske som i dag bur i nær bomullsmarkene og livnærer seg av denne industrien er det vanskeleg å sjå korleis situasjonen kan rettast opp att.

KjelderEndra