Jamaicansk mattradisjon stammar frå ei blanding av teknikkar, smakar og matvarer som er påverka av lokale urfolk, afrikanarar, britar, franskmenn, portugisarar, spanjolar, indarar, kinesarar og folk frå Midtausten, som alle har halde til på øya. Skikken er òg påverka av avlingane som er blitt innført til øya frå tropisk Afrika og Søraust-Asia, og mange av dei blir no dyrka lokalt. Det blir brukt mange ulike typar sjømat, tropisk frukt og kjøt.

Curry goat med rice and peas.

Nokre jamaicanske rettar er variasjonar av matrettar som er teken med til øya frå andre stader. Dei er ofte blitt endra for å ha med lokale produkt og krydder. Andre er nye eller blanda rettar som har utvikla seg lokalt. Nokre populære jamaicanske rettar er curry goat, steikte dumplings og ackee and saltfish. Jamaican patties og andre bakverk er òg populære.

Jamaicansk mat har spreidd seg til andre stader med utvandrarar frå øya, særleg i løpet av 1900-talet; då mange jamaicanarar leita etter betre økonomiske høve i andre land.

Historie

endre
 
Kvinner som sel søtmat i Kingston, kring 1899.

Utvikling av kjøkkenet

endre

Afrikansk matstell utvikla seg vidare på øya som eit resultat av slaveriet, med namn og rettar som callaloo frå den angolanske retten calulu. Den mest populære frukta til matlaging, ackee, blei frakta til øya av vestafrikanske folk. Spanjolane, dei fyrste europearane som kom til øya, bidrog med matvarer som den eddikpregga escovitch fish (spansk escabeche), som spanske jødar bidrog med. Seinare kan folk frå Cornwall ha påverka utviklinga av jamaicansk patty, eit bakverk fylt med krydra kjøt. Elles finst det kinesisk og indisk påverknad i matstellet, med rettar som roti og curry goat som eit resultat av at det blei henta kontraktsarbeidarar til øya for å arbeida etter frigjeringa av slavane. Deira matrettar, særleg curry, blei populære. Salt torsk blei teken med av portugisiske jødar som hadde rømt frå inkvisisjonen på 1500-talet, og blir no brukt i nasjonalretten ackee and saltfish, men var òg basiskost for afrikanarar haldne som slavar som ein haldbar, rimeleg proteinkjelde.

Jamaicansk mat og rastafariane

endre
 
Ital mat med ackee, kokebanan, brødfrukt og juice.

Jamaicansk mat har ein del påverknad frå rastafarilæra. Rett mat etter denne læra blir kalla ital. Rastafariane har ei vegetarisk tilnærming til mat, og har introdusert fleire unike vegetariske retter til det jamaicanske kjøkkenet. Nokre meiner også at ein bør bruka lite eller inkje salt til å laga mat. Rastafariane et typisk ikkje grisekjøt. Dette kjøtet er likevel svært populært på Jamaica, med svinestuing og jerk pork som nokre av dei mest populære måtane å laga det til på.

Populære rettar

endre

 

 
Ackee and saltfish
 
Jamaican patty i coco bread

Ein jamaicansk frukost kan innehalda ackee and saltfish, krydra callaloo, kokte grøne bananar og steikte dumplings.[1]

Hovudrettar

endre

Supper

endre

 

Siderettar

endre

 


Brød og bakverk

endre
 
Bammy flatbread


Drikke

endre
 
Irish Moss

Dessertar og søtmat

endre

Is av mango og soursop (Annona muricata) er to populære dessertar. Andre jamaicansk issmaker er grapenut, rum and raisin og Dragon Stout.

Andre populære dessertar er batata pudding (søtpotetpudding), cornmeal pudding (maismjølpudding), cassava pone (maniokkake), gizzada, grater cake, toto, banana fritter, coconut drops, plantain tarts (kokebanaterte) og det sylta guavaproduktet guava cheese.

Tie A Leaf, eller blue drawers , er ein rett som blir laga ved å kombinera stivelse (vanlegvis maismjøl eller maniok) med kokosmjølk og deretter pakka det inn i bundne bananblad som ein kokar retten i.

Kjelder

endre
  1. Deborah S. Hartz Authentic Jamaican breakfast Aug 1, 1991 Ocala Star-Banner page 44