Lippstadt
Lippstadt er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 65 000 innbyggjarar. Han er den største byen i kreisen Soest og ligg ved elva Lippe, om lag 70 km aust for Dortmund og om lag 30 km vest for Paderborn. Det historiske sentrumet er plassert mellom ein kunstig kanal til Lippe og sjølve elva.
Lippstadt | |
---|---|
Poststraße i Lippstadt | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Arnsberg Soest |
Geografi | |
Flatevidd - By |
113,3 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
67 179 593/km² |
Koordinatar | 51°40′0″N 08°21′0″E / 51.66667°N 8.35000°E |
Høgd over havet | 79 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 59555-59558 |
Telefon-retningsnummer | 02941 |
Bilnummer | SO |
Heimeside: www.lippstadt.de |
Historie
endreTidleg på 1200-talet hadde Lippstadt 2 700 innbyggjarar og kyrkjer. Eit augustinarkloster har eksistert sidan 1281.
Heinrich von Ahaus grunnla eit av sine kvinnelege felleskap kalla Brødrene av Felleslivet her.
I 1523 danna Lippstadt ein forsvarsallianse med nabobyane Osnabrück, Dortmund, Soest og Münster.
Augustinarar som studerte ved Universitetet i Wittenberg førte Martin Luther sin doktrine med seg heim. I 1524 vart Lippstadt dermed ein av dei første byane til å offisielt omfamne reformasjonen.
I 1851 vart heile Lippstadt, som til då hadde vore delt mellom Preussen og fyrstedømet Lippe, ein del av den prøyssiske provinsen Westfalen.
I 1944 vart ein kvinneleg underavdeling av konsentrasjonsleiren Buchenwald oppretta i Lippstadt.
Geografi
endreKlima
endreVêrdata for Lippstadt (1991-2020) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 5,5 | 6,5 | 10,3 | 15,1 | 19 | 22 | 24,2 | 24,1 | 19,9 | 14,9 | 9,6 | 6,2 | 14,8 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 2,8 | 3,3 | 6 | 9,7 | 13,5 | 16,6 | 18,6 | 18,5 | 14,7 | 10,7 | 6,6 | 3,7 | 10,4 |
Gjennomsnittleg min °C | −0,2 | 0 | 1,9 | 4,1 | 7,6 | 10,7 | 12,9 | 13 | 10 | 6,8 | 3,5 | 0,9 | 5,9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 63 | 52 | 58 | 43 | 60 | 67 | 87 | 75 | 63 | 65 | 63 | 63 | 759 |
Kjelde: wetterlabs.de: Lippstadt Wetter und Klima |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lippstadt» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2007.