Karl August Nærum

norsk politikar

Karl August Nærum (15. september 184427. januar 1911) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark. Han representerte Venstre.

Karl August Nærum
Fødd15. september 1844
Død27. januar 1911 (66 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Nærum var son til ein fargar. Han gjekk først landbruksskule, vart sidan student i 1867. År 1878 vart han cand. jur., deretter fullmektig hos sakførar i Drammen og hos sorenskrivaren i Midt-Gudbrandsdal. Frå 1881 var han lensmann i Orkdal til han i 1897 vart fut same staden. Sidan 1900 var han sorenskrivar i Gauldal, med adresse Melhus. Nærum var i Orkdal medlem av heradsstyre og forlikskommisjon, og skulestyreformann. Både i Orkdal og i Melhus var han direktør i sparebank.

Nærum representerte Søndre Trondhjems amtStortinget 1892-94 og 1898-1900. I den mellomliggande perioden, 1895-97, møtte han fleire gonger i 1896 og -97 i eigenskap av 1. varamann. Han var medlem 1892-94 av Lagtinget og næringskomite nr 2, 1893-94 av valkomiteen, 1897 av justiskomiteen, og 1898-1900 av næringskomite nr 1. Frå 19. april 1900 var han permittert.

Han døydde i Trondheim i 1911.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914