Karl I av Noreg og VIII av Sverige

(Omdirigert frå Karl Knutson Bonde)

Karl Knutsson (Bonde) (5. oktober 140914. mai 1470) var svensk riksforstandar og tre gonger teken til konge av Sverige. Han var også konge av Noreg.

Karl Knutsson (Bonde)
Karl I av Noreg
Karl VIII av Sverige

Konge av Sverige og Noreg
Riksforstandar av Sverige
RegjeringstidSvensk konge: 14481457, 14641465 og 14671470

Norsk konge: 14491450

Svensk riksforstandar: 14381440
Fødd5. oktober 1409
FødestadUppsala
Død15. mai 1470
DødsstadStockholm
GravstadRiddarholmskyrkan
FøregangarSverige:
  1. Erik av Pommern
  2. Bengt Jönsson (Oxenstierna) og Nils Jönsson (Oxenstierna)(riksforstandarar)
  3. Kettil Karlsson (Vasa) (riksforstandar)
  4. Erik Axelsson (Tott)(riksforstandar)
Noreg: Kristoffer av Bayern
EtterfølgjarNoreg: Kristian I av Danmark-Noreg

Sverige:

  1. Kristoffer av Bayern
  2. Jöns Bengtsson (Oxenstierna) og Erik Axelsson (Tott) (riksforstandarar)
  3. Kettil Karlsson (Vasa) (riksforstandar)
  4. Sten Sture d.e. (riksforstandar)
Gift medKatarina Karlsdatter, Kristina Abrahamsdotter, Brita Bjelke
DynastiBonde
FarKnut Bonde
MorMargareta Karlsdotter
Bornmed Birgitta Turesdotter:
  • Ture Bonde. Død føre 23. juni 1447
  • Kristina Karlsdotter (Bonde). Fødd omkring 1432. Levde som enke enkja i 1492. Døydde før 25 januar 1500.
  • med Katarina Karlsdotter:

    1. Margareta Karlsdotter (Bonde)
    2. Magdalena Karlsdotter (Bonde)
    3. Birgitta Karlsdotter (Bonde)

    med Kristina Abrahamsdotter:

    1. Anna Karlsdotter (Bonde)
    2. Karl Karlsson (Bonde)

    Oppvekst

    endre

    Karl var fødd i Finland til riddaren Knut Tordsson (Bonde) og Margareta Karlsdotter (Sparre av Tofta). Etter at faren døydde voks han opp hjå stefaren Sten Turesson (Bielke). I oppveksten drog Karl på fleire reiser utanlands og lærte seg både krigskunst og framande språk. Karl var herre til Fogelvik, Bona gård, marsk. Han høyrde til slekta Bonde, men slektsnamnet blei ikkje teke i bruk før seinare.

    Karriere

    endre

    Karl Knutsson blei riksmarsk i 1434 og slegen til riddar og riksdrotsKristoffer av Bayern blei krona i september 1441. Han gjekk av som riksdrots i oktober det året og blei riksmarsk igjen. Frå 1442 til 1448 var han høvedsmannViborg i Finland.

    Han fekk stadig høgare stillingar i Sverige og blei riksforstandar i 1438. Då Kristoffer av Bayern døydde i 1448 blei han vald til konge av Sverige og krona den 28. juni. Året etter til konge av Noreg. Han blei krona i Trondheim den 20. november. Eit anna norsk parti støtta derimot danskekongen Kristian, og han erstatta Karl i 1450.

    Avsett

    endre

    I 1455 braut det ut krig mellom Sverige og Danmark, og samstundes låg Karl Knutsson i strid med kyrkja. Etter nokre år med krig leia erkebiskopen Jöns Bengtsson (Oxenstierna) eit folkeopprør og tvinga kongen til å flykta frå landet. Han budde i Danzig (Gdansk) fram til 1464.

    Under eit nytt folkeopprør i 1463 reiste det seg eit folkeleg krav om å få kongen tilbake, og Karl VIII blei gjeninnsett året etter. Han fekk berre lita støtte frå høgadelen, og erkebiskopen byrja snart ein ny kampanje for å få han avsett. Dette nye opprørert førte til at Karl måtte gå av den 30. januar 1465. Ny strid mellom høgadelen og erkebiskopen gjorde at Karl fekk meir støtte, og då riksforstandaren Erik Axelsson (Tott) braut med danskekongen og partiet som ønskte å gjenoppliva Kalmarunionen. Dermed blei Karl VIII gjeninnsett i 1467, og drog inn i Stockholm den 12. november det året. Han måtte stadig kjempa mot unionspartiet, og striden var fortsatt i gang då kongen døydde i mai 1470 etter kort tids sjukdom.

      

    Sjå òg

    endre

    Bakgrunnsstoff

    endre
      Commons har multimedium som gjeld: Karl I av Noreg og VIII av Sverige