Opna hovudmenyen
Karnatisk fiolinspelar i Kovai.
Foto: Matteo

Den karnatiske fiolinen er utvikla frå den europeiske fiolinen til å bli eit viktig og verdsett instrument innan karnatisk musikk. Han har same forma som den europeiske fiolinen, men er som regel halden på ein forskjellig måte — fiolinspelaren, som sit med beina i kross på bakken, med den breie enden nedanom skuldra og den andre kvilande på foten.

Den karnatiske fiolinen blir også stemd med tonar som er ganske forskjellige frå dei europeiske. Han blir stemd i tonane pasapasa (t.d. e"a'e'a) i staden for gd'a'e" som er vanleg i europeisk musikk.

Innhaldsliste

Frå Vesten til AustenEndra

 
Indisk kvinne spelar fiolin. (Måleri av raja Ravi Varma (18481906).) Vi ser at fiolinen blir halden på den opphavleg europeiske måten.

Vediske tekstar handlar om ein slags vina som heitte dhanurvina, det vil seia «boge-vina». Ingen veit akkurat kva dhanurvinaen var. Nokre indisk musikarar hevdar at det var ein slags fiolin, men andre trur at det var eit enkelt strykeinstrument som likna på sarangi, eit moderne nordindisk folkeinstrument. Det er iallfall klart at indisk musikarar slutta å bruka instrumentet ein gong mellom den vediske tida og mellomalderen.

1600- og 1700-talet byrja karnatiske musikarar i Tamil Nadu å koma i kontakt med europeiske klassiske musikarar. Fiolinen var veldig populær i europeisk klassisk musikk på den tida, fordi han kunne brukast til å spela kompliserte og vanskelege melodiar som ein ikkje kunne spela på andre instrument. Dei tamilske musikarane fann snart ut at han også kunne bli veldig nyttig i karnatisk musikk. Eit særmerke av karnatisk musikk er sin bruk av gamakam (tamil கமகம்), ei slags skjelving i tonen som er veldig vanleg og viktig i karnatisk musikk. Før den tida kunne ei berre syngja gamakam, men med fiolinen kunne dei også bli spelt.

Dei første karnatiske fiolinistaneEndra

Den første musikaren som brukte fiolinen i karnatisk musikk var Balusvami Dikshitar. Han var broren til Muthuswami Dikshitar, ein av dei «tre idola» (tamil மும்மூர்தி mummūrti) — tre karnatiske komponistar som er rekna som klassikarane. Balusvami Dikshitar blei hoffmusikaren hjå Muthukrishna Mudaliyar og Venkatakrishna Mudaliyar, hovdingane til Manali i 1804 eller 1805. Han fortalte dei at han var intressert i fiolinen, og derfor inviterte dei ein europeisk fiolinlærar til Manali i 1806. Læraren budde i Manali i åtte år til 1814, og viste alle dei europeiske fiolinteknikkane til Balusvami. Så byrja Balusvami å utvikla fiolinen sin spelemåte for karnatisk musikk.

Circa 1817 kom ein ny student som heitte Vadivelu til Muthuswami og Balusvami Dikshitar. Etter ei stund blei det ganske klart at Vadivelu var eit musikalsk geni. Balusvami byrja å læra han å spela den karnatiske fiolinen også, og han blei snart ein ekspert. I 1824, då han var 14 år gammal, var han invitert hjå Swathi Thirunal, kongen til Travancore i det moderne Kerala. Travancore var eit av dei største musiksentra i dei dagane. Mange musikarar såg kor nyttig fiolinen var i karnatisk musikk, og instrumentet byrja å spreia seg.

Vidare utviklingEndra

Etter Vadivelu og Balusvamy blei fiolinen brukt til å akkompagnera songane i førestillinger av 'Vishnu-legender' (sanskrit हरिकथा harikathā), men ikkje til noko meir fordi teknikken enno var litt grov. På 1870-talet skapte Tirukodikaval Krishna Ayyar ein ny teknikk for å spela fiolin, som heiter இழைத்து வாசிப்பு iḷaittu vācippu. Denne er enno ein av dei mest fundamentale teknikkane i karnatisk musikk. Iḷaittu vācippu bruker eit spesielt strøk som lét fiolinisten spela opptil 64 notar og set glidetonar i staden for vanlege notar. Ein 'ri' (D-tone), til dømes, kunne spelast som 'sa-ri-ga-ri' (C-D-E-D), 'ma-ga-ri' (F-E-D), 'ni-sa-ri' (B-C-D), 'ga-ri' (E-D), eller 'sa-ri' (C-D). Denne teknikken gav notene meir form, og gjorde fiolinen enno meir fleksibel.

Malaikottai Govindaswami Pillai utvikla det vidare i 1890-talet med முழு வில் muḷu vil teknikken, som brukte heile bogen med bølgjande strøk. Det gav fiolinen ein rikare lyd, som var likså mangslungen som røysta til ein songar. I løpe av dei neste 20 åra byrja mange fiolinistar å spela fiolinen som soloinstrument. Dei beste kjente av dei var Dwaram Venkataswamy Naidu, Kumbakonum Rajamanikam Pillai og Mysore T. Chowdiah.

Moderne karnatiske fiolinistarEndra

 
L. Subramaniam under ein konsert i Kollam. Også han held instrumentet på ein atypisk måte for karnatiske fiolinistar.
Foto: Claude Renault

BakgrunnsstoffEndra