Melodi Grand Prix 1965

sjette utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1965 var den sjette utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 338 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 13. februar. Resultatet blei offentleggjort i ei eiga sending 20. februar. Vinnaren blei «Karusell», sunge av Kirsti Sparboe med både lite orkester og Kringkastingsorkestret. Vinnarlåta var skriven av Jolly Kramer-Johansen. I den internasjonale finalen i Napoli fekk Kirsti Sparboe oppgåva med å representere Noreg. «Karusell» enda på ein delt 13. plass med 1 poeng.

Melodi Grand Prix 1965
Dato
Finale 13. og 20. februar 1965
Vertskap
Finale Store Studio, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Odd Grythe
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Karusell»
Artist Kirsti Sparboe
Resultat i Eurovision Song Contest 1965
Finalepoeng 1
Finaleplass 13.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1964 Melodi Grand Prix 1966

Sendinga endre

Som vanleg blei finalen send direkte frå Store StudioMarienlyst i Oslo, og Odd Grythe var programleiar for sjette år på rad. Ein jury med Finn Ludt, Otto Nielsen og Øivind Bergh hadde vald ut dei fem finalemelodiane blant 338 innsende bidrag.[1]

Også dette året blei kvar melodi framført to gongar: Først ein gang med eitt sett artistar, akkompagnert av Egil Kapstads trio. Dette for å «få et klart uttrykk av melodien, uten noe sidehensyn», som Grythe formulerte det.[2] Så blei melodiane spelt på nytt i tilfeldig rekkjefølgje, med nye artistar og akkompagnert av Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh.

Eigentleg skulle Wenche Myhre ha framført «Karusell» med Kringkastingsorkestret, men ho måtte melde forfall i siste liten på grunn av sjukdom. I staden song Kirsti Sparboe melodien med både lite og stort orkester.

Sendinga blei den kortaste Melodi Grand Prix-finalen nokon gong, knappe 34 minutt. Det blei heller ikkje kåra nokon vinnar denne kvelden. Årsaka var at publikum skulle avgjere resultatet ved å røyste med brev og postkort. Resultatet blei først offentleggjort i ei ny sending den påfølgjande laurdagen. Verdens Gang sin kritikar var lite imponert over ordninga og konstaterte: «Hvis presentasjonen og kåring for fremtiden skal skje på denne måte i fjernsynet har Melodi Grand Prix absolutt ingen berettigelse og bør kuttes ut.»[3] Dette blei òg første og siste gong NRK gjorde det på denne måten.

Resultat endre

Etter finalen i 1964, der storslageren «La meg være ung» berre kom på 3. plass, gjorde NRK om på avstemminga i 1965. Juryen forsvant, og for første gong blei publikum invitert til å røyste på favorittsongen sin – med brev eller postkort. Tv-sjåarane og radiolyttarane kunne røyste ved å skrive talet på favorittmelodien sin og sende røysta inn til NRK seinast måndagen etter finalen. Konvolutten eller postkortet måtte òg ha namn og adresse på den som røysta. NRK fekk inn 18 287 gyldige røyster.[4]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
1 «Med lokk og lur» Nora Brockstedt Grynet Molvig Toralf Tollefsen og Juul Hansen 5 104 2
2 «Jeg har en øy» Jan Høiland Per Asplin Sigurd Jansen og Helge Hagerup 404 5
3 «Karusell» Kirsti Sparboe Kirsti Sparboe Jolly Kramer-Johansen 9 886 1
4 «Jenteord» Per Asplin Ivar Medaas Kristian Hauger og Juul Hansen 1 349 4
5 «Bare det aller, aller beste» Grynet Molvig Nora Brockstedt Kristian Hauger og Juul Hansen 1 544 3

Hendingar endre

Juul Hansen stod bak tekstane til heile tre av finalelåtene, mens Kristian Hauger hadde komponert to av dei. I karrieren sin skreiv Hauger meir enn tusen poplåter, mellom anna evergreenen «Når kastanjene blomstrer i Bygdø Allé».

Dette året kom den første finalesongen med nynorsk tekst – «Jenteord». Finalen er også den eldste som finst i NRK sine arkiv, finalane frå 1960 til 1964, 1968 og delar av 1966, 1972 og 1973 er truleg tapte.

Fotnotar endre

  1. «Publikum avgjør årets Grand Prix-melodi iår». A-magasinet. 13. februar 1965. s. 16.
  2. Odd Grythe (13. februar 1965). «Melodi Grand Prix 1965». Norsk rikskringkasting.
  3. SL (signatur) (22. februar 1965). «Fyldig lørdagsprogram i TV, men …». Verdens Gang. s. 23.
  4. «La oss sende Kirsti Sparboe til Napoli!». Verdens Gang. 22. februar 1965. s. 22.