Katarina Barley

tysk politikar

Katarina Barley (fødd 19. november 1968 i Köln) er ein tysk jurist og politikar for SPD, frå 2019 medlem av Europaparlamentet. Barley var justisminister i Tyskland frå 2018 til 2019, og tidlegare frå 2017 til 2018 tysk familieminister.[1] Ein kort periode fungerte ho som arbeids- og sosialminister. Barley blei medlem av Forbundsdagen ved valet i 2013. Ho var generalsekretær i SPD frå 2015 til 2017.[2] Ho blei fødd som britisk statsborgar og blei tysk statsborgar seinare.[3][4]

Katarina Barley

Statsborgarskap Tyskland, Storbritannia
Fødd 19. november 1968 (56 år)
Köln
Yrke politikar, jurist, justitiarius, dommar
Språk tysk
Høgd 172 centimeter
Tittel Generalsekretær i SPD
Periode 11. desember 2015–2. juni 2017
Føregangar Yasmin Fahimi
Etterfylgjar Hubertus Heil
Tittel Familieminister i Tyskland
Periode 2. juni 2017–14. mars 2018
Føregangar Manuela Schwesig
Etterfylgjar Franziska Giffey
Tittel Arbeids- og sosialminister i Tyskland
Føregangar Andrea Nahles
Etterfylgjar Hubertus Heil
Tittel Justisminister i Tyskland
Periode 14. mars 2018–27. juni 2019
Føregangar Heiko Maas
Etterfylgjar Christine Lambrecht
Politisk parti Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Medlem av Ausschuss für Wahlprüfung, Immunität und Geschäftsordnung, Ausschuss für die Angelegenheiten der Europäischen Union, Ältestenrat, Wahlausschuss, Europa-Unionen i Tysklands gruppe av forbundsdagsmedlemmer, ZDF-Fernsehrat, Parlamentarische Linke, Angela Merkels tredje regjering
Ektefelle Marco van den Berg
Signatur
Nettstad https://katarina-barley.de
Katarina Barley på Commons

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Katarina Barley er dotter av ein engelsk journalist i Deutsche Welle, og ein tysk lege. Etternamnet har ho frå faren sin, som er frå Lincolnshire i England. Ho blei fødd som britisk statsborgar, og fekk fyrst tysk statsborgarskap seinare i livet, slik at ho har dobbelt statsborgarskap.[5][6][7]

Barley var tidlegare gift med advokaten Antonio, som i likskap med ho sjølv er statsborgar i to europeiske land, Spania og Nederland. Dei møtte kvarandre då dei begge studerte i Paris, og har to barn saman.[2] Ho har nemnd at borna hennar har fire besteforeldre frå fire forskjellige europeiske land.[5]

Yrkeskarriere

endre

Barley studerte juss ved Philipps-Universität Marburg og Université Paris-Sud. Hun tok diplom i fransk rett (Diplôme de Droit Français) i Paris i 1990, tysk juridisk embetseksamen i 1993 og juridisk doktorgrad ved Westfälische Wilhelms-Universität Münster i 1998.[2]

Ho arbeidde fyrst som forretningsadvokat i advokatfirmaet Wessing & Berenberg-Gossler i Hamburg (no Taylor Wessing etter fusjonen med eit britisk advokatfirma) fram til 1999. Deretter var ho vitskapleg tilsett ved landdagen i Rheinland-Pfalz og vitskapleg tilsett ved Bundesverfassungsgericht. Frå 2005 til 2006 var Barley tysk utsending til Maison de la Grande Région/Haus der Großregion i Luxembourg, eit regionalt samarbeidsforum for Luxembourg og tilgrensande tyske, franske og belgiske regionar. Frå 2007 til 2008 arbeidde ho som dommar og frå 2008 til 2013 var ho tilsett som rådgjevar i Justis- og forbrukardepartementet i delstaten Rheinland-Pfalz.

Politiske verv

endre

Katarina Barley har vore engasjert i lokal- og delstatspolitikk sidan 1994 og blei vald som medlem av Forbundsdagen i 2013.[2][8] Ho blei utnemnd som familieminister i den føderale regjeringa 2. juni 2017, då føregangaren hennar Manuela Schwesig gjekk av for å bli ministerpresident i Mecklenburg-Vorpommern.[9] Frå 14. mars 2018 til 27. juni 2019 var Barley justisminister i Tyskland. Ho gjekk av som justisminister då ho i 2019 blei vald som medlem av Europaparlamentet, og sa dimed også fra seg medlemskapen i Forbundsdagen.[10]

Kjelder

endre
  1. «Katarina Barley». www.bundesregierung.de. Arkivert frå originalen 7. februar 2019. Henta 12. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Barley, Katarina». Deutscher Bundestag (på tysk). Arkivert frå originalen 22. juni 2017. Henta 30. mai 2017. 
  3. Quoos, Jochen Gaugele, Christian Kerl und Jörg (25. juni 2016). «SPD-Generalsekretärin Katarina Barley: „Jetzt ist nichts mehr wie vorher“». www.morgenpost.de (på tysk). Henta 17. april 2022. 
  4. «Germany disappointed by May's Brexit plan, suggests second referendum». Reuters (på engelsk). 22. januar 2019. Henta 17. april 2022. 
  5. 5,0 5,1 Europa ist unsere Zukunft, The European
  6. Ravensburg, Munzinger-Archiv GmbH,. «Katarina Barley - Munzinger Biographie». www.munzinger.de (på tysk). Henta 30. mai 2017. 
  7. Quoos, Jochen Gaugele, Christian Kerl und Jörg. «SPD-Generalsekretärin Katarina Barley: „Jetzt ist nichts mehr wie vorher“» (på tysk). Henta 2. juni 2017. 
  8. «Übersicht». web.archive.org. 23. september 2015. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 11. juli 2019. 
  9. NDR. «Schwesig will auf Ministerpräsident Sellering folgen». www.ndr.de (på tysk). Henta 2. juni 2017. 
  10. «Deutscher Bundestag - Dr. Katarina Barley». Deutscher Bundestag (på tysk). Henta 11. juli 2019.