Kathrin Neimke (fødd 18. juli 1966) er ein tysk tidlegare kulestøytar frå Magdeburg som vann sølvmedaljen i øvinga under VM 1987 og Sommar-OL 1988, og bronsemedaljen i EM 1990, OL 1992 og VM 1993. Ho representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland.

Kathrin Neimke
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. juli 1966 (57 år)
Magdeburg
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1988 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1992 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1996 Summer Olympics – women's shot put

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Aktiv endre

Neimke slo gjennom i 1987-sesongen. I VM-finalen i Roma støytte ho kula 21,21 meter, eit støyt som skulle vise seg å verte hennar liv lengste. Einast verdsrekordhaldaren Natalja Lisovskaja frå Sovjetunionen makta overgå henne, med 21,24 m og fattige 3 centimeter. Året etter kneip Neimke sølvmedaljen også i Sommar-OL 1988 i Seoul, med 21,07 m tukta ho Li Meisu frå Kina med ein centimeter, gullvinnar Lisovskaja var då i ei heilt eiga klasse.

I dei neste meisterskapane sanka Neimke bronsemedaljar. Den fyrste bronsen kom i EM 1990 med 19,96 m som best, deretter tok ho OL-bronse i 1992 med 19,78 m og til sist VM-bronse i 1993 med 19,71 m på resultatlista. Midt i mars 1995 steig ho til topps i hall-VM i Barcelona etter å ha støytt kula 19,40 m. Fem månader seinare kom Neimke med 19,30 m på fjerdeplassen i verdsmeisterskapen i Göteborg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre