Kathrin Ullrich (fødd 14. august 1967) er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Annaberg-Buchholz som i 1987 vann VM-bronse og i 1990 EM-sølv på 10 000 meter.

Kathrin Ullrich


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 14. august 1967 (56 år)
Annaberg-Buchholz
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Ullrich sprang inn til bronse på 10 000 meter under verdsmeisterskapen 1987 i Roma, 5,5 sekund etter vinnaren Ingrid Kristiansen og knapt 2 sekund attom Jelena Zjupijeva som representerte Sovjetunionen. Ullrich si tid, 31.11,3, var tysk rekord. Året etter vart ho nummer fire på same distansen ved Sommar-OL i Seoul. I 1989-sesongen vart Ullrich med eit løp på 14.59,0 den fyrste tyske kvinneløpar under 15 minutt på 5 000 meter.

Ved europameisterskapen 1990 i Split måtte Ullrich sjå seg slått i spurten på 10 000 meter av sovjetiske Jelena Romanova som tok gull. Den 30. juni 1991 i Frankfurt vann Ullrich milløpet i europacupen for landslag på tida 31.03,6, ny tysk rekord. To månader etter enda ho på fjerdeplassen på distansen ved VM i Tokyo. Halvtanna veke seinare forbetra ho den 10. september den tyske rekorden på 5 000 meter til 14.58,7 ved eit stemne i Berlin. Og i EM 1994 i Helsinki måtte ho på ny ta til takke med ein fjerdeplass på mila.

Ullrich var frå 1987 til 1990 austtysk meister på såvel 3 000 meter som på 10 000 meter. Frå 1991 til 1996 vart ho kvart einaste år tysk meister på 10 000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre