Katnosa er eit vatn i Nordmarka, aust for Hønefoss og nord for Oslo. Vatnet ligg 463 moh, på grensa mellom kommunane Ringerike, Lunner og Jevnaker.

Katnosa

Frå Katnosa renn Katnoselva ned til vatnet Store Sandungen og vidare til Hakkloa, Bjørnsjøen og Skjærsjøen. Tidlegare var det servering ved Katnosa gard, som no er stengt for ålmenta. Skiforeningen har derimot fått løyve av familien Løvenskiold til å ha servering ved Sandvikshytta. Den Norske Turistforening har dessutan ei sjølvbetjent hytte, Katnosdammen, ved demninga i sørenden.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Katnosa
  Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.