Katzrin

landsby i Israel

Katzrin (hebraisk קַצְרִין; òg Qatzrin) er ein israelsk busetnad og lokal kommuneGolanhøgdene.[2] Han er kjend som «hovudstaden i Golan»,[3] og er den nest største staden der etter Majdal Shams, og den største jødiske staden.[2][4] Mot slutten av 2010 hadde Katzrin eit folketal på 6 700.[4] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetnader på Golanhøgdene ulovleg etter folkeretten, sjølv om dei israelske styresmaktene motset seg dette.[5] Trass i at han ikkje er ein del av det rettslege område til Israel er han sete for Golan regionale kommune.

Katzrin
קַצְרִין, Qazrin, Katzrin, Katsrin
lokal kommune
Katzrinlibrary.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°59′31″ N 35°41′28″ E
Areal 12,21 km²
Folketal 6 700 (2010)
Folketettleik 549 / km²
Borgarmeister Sammy Bar-Lev[1]

Katzrin
32°59′33″ N 35°41′26″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Katzrin

GeografiEndra

Sør for Katzrin ligg Genesaretsjøen, i nord Hermon, og i vest Israel, og meir spesifikt åsane i Øvre Galilea.[6][7]

HistorieEndra

AntikkenEndra

Staden var busett frå midtre bronsealderen, og heldt fram inn i jernalderen og hellenstisk og romersk tid, då han vart øydelagd.[8] Dei viktigaste ruinane som står att er frå sein romersk, bysantinsk og tidleg islamsk tid (200-talet til midten av 700-talet), då staden var ein jødisk landsby med ein synagoge.[8]

Arabarane og mamelukkaneEndra

Den jødiske busetnaden tente som ein viktig kjøpstad i regionen, men starta å bli mindre viktig då handelsrutene endra seg etter den islamske erobringa. Landsbyen vart øydelagd i eit jordskjelv i 746–749.[9][10] Som følgje av jordskjelvet vart staden truleg fråflytta av det jødiske samfunnet.

Under mamelukkane (1200- og 1300-talet) var han ein muslimsk landsby og det vart bygd ein moské i ruinane av synagoga.[8][9]

Osmansk, fransk og syrisk styreEndra

I 1880-åra vart Kisrin, som han då vart kalla, skildra som «ein liten beduin-vinterlandsby, med ei gruppe vakre eiketre og gamle ruinar».[11] Frå seint på 1800-talet til 1967, var landsbyen busett av beduinar.[8] Sidan 1920 og fram til Syria fekk sjølvstendet sitt i 1944, var området underlagt Det franske mandatet for Syria.

Israelsk okkupasjonEndra

 
Inngangen til Katzrin kjøpesenter.

Dagens Katzrin vart grunnlagd i 1977 som eit planlagt bysentrum for Golan basert på avgjersla til regjeringa i november 1973. Bygginga byrja i 1976 på eit platå aust for Genesaretsjøen.[12] I 1981 innførte Israel sivilrett i Golanhøgdene (inkludert Katzrin), men denne avgjersla vart fordømd internasjonalt og erklært ugyldig av Tryggingsrådet i SN.[13][14][15] Katzrin er ein distriktsby,[16] med tenester for utdanning, administrasjon og kultur for den omliggande regionen.[17]

DemografiEndra

Dei første innbyggjarane var unge par og single profesjonelle frå Tel Aviv og Haifa.[18] Mot slutten av 1980-åra slo mange jødar frå det tidlegare Sovjetunionen seg ned i Katzrin. I dag er ein tredjedel av innbyggjarane jødar frå Sovjetunionen og etterkomarane deira. Katzrin er delt inn i fem bydelar: Gamla, Naveh, Kedma, Afek og Batra.[17]

KjelderEndra

  1. Sammy Bar Lev, Mayor of Katzrin
  2. 2,0 2,1 Aronson, Geoffrey (1998). «Settlement Monitor». Journal of Palestine Studies (University of California Press) 27 (4): p. 138. 
  3. Golan olive attractions
  4. 4,0 4,1 Israelsk statistisk sentralbyrå (2011), populations of localities numbering above 2 000 residents Arkivert 2012-01-18 ved Wayback Machine.
  5. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  6. The Golanhøgdene attracting young israelarar
  7. http://www.lib.utexas.edu/maps/middle_east_and_asia/golan_heights_rel89.jpg
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Ann E. Killebrew (2004). «Reflections on a reconstruction of the ancient Qasrin synagogue and landsby». I John H. Jameson. The Reconstructed Past: Reconstructions in Public Interpretation of Archeology and History. Altamira Press. s. 127–129. 
  9. 9,0 9,1 Claudine Dauphin (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 653–654. 
  10. Shmuel Marco, Moshe Hartal, Nissim Hazan, Lilach Lev and Mordechai Stein (2003). «Arkeologi, history, and geology of the A.D. 749 Earthquake, Dead Sea transform». Geology 31: 665–668. doi:10.1130/g19516.1. 
  11. G. Schumacher (1888). The Jaulan. London: Richard Bentley and Son. s. 194. 
  12. The Golan Heights come down to Earth, Haaretz
  13. Dei sameinte nasjonane. Resolusjonar i Tryggingsrådet, 1981.
  14. Council on Foreign Relations. UN Security Council Resolution 497.
  15. BBC News. Regions and territories: The Golan Heights.
  16. In Golan Heights, Doubts Plus a Bit of Confidence, New York Times
  17. 17,0 17,1 Katzrin community guide
  18. The Golan Heights came down to Earth, Haaretz

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Qatzrin frå Wikivoyage