Opna hovudmenyen

Majdal Shams (arabisk مجدل شمس., hebraisk מַגְ'דַל שַׁמְס) er ein drusararby nord i Golanhøgdene, sør for fjellet Hermon. Dei fleste innbyggjarane har syrisk-drusisk opphav. Sidan seksdagarskrigen i juni 1967 har landsbyen vore kontrollert av Israel,[1] først under krigsrett, men sidan 1981 under israelsk sivilrett, og ein del av det israelske kommunesystemet. Majdal Shams er den største av fire attverande syriske samfunn i Golan.

Majdal Shams
مجدل شمس, מַגְ'דַל שַׁמְס
by
MajdalShamsMay2009.jpg
Majdal Shams
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Israel.svg Israel
Israelsk distrikt og underdistrikt Nord-distriktet, Golan
Syrisk guvernement og distrikt Quneitra guvernement, Quneitra-distriktet
Høgd 1 130 moh.
Koordinatar 33°16′N 35°46′E
Folketal 8 800
Golan location map 2.PNG
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Majdal Shams

EtymologiEndra

Opphavet til namnet Majdal Shams er uklårt. Ein hypotese er at det går attende til det nordvestsemittiske uttrykket «soltårnet», kanskje ein referanse til høgda byen ligg i.[2] Ein annan hypotese indikerer at byen opphavleg vart kalla Majdal al-Sham (Majdal av Damaskus) for å skilje han frå byane al-Majdal ved kysten av Middelhavet og al-Majdal ved Genesaretsjøen.[3]

HistorieEndra

Den osmanske tidaEndra

Drusarfamiliar byrja å slå seg ned på sørsida av Hermon tidleg på 1700-talet.[4] Seint på 1800-talet var Majdal Shams eit viktig regionssenter og hadde ein lokal, osmansk administrator (mudir).[5] I utrygge tider reiste innbyggjarane frå dei kringliggande landsbyane til Majdal Shams for vern, fordi landsbyen ligg høgt oppe og nær den store vasskjelda Birkat Ram. Vinteren 1895, søkte til dømes drusarar frå naboområda ly i Majdal Shams under ein lokal konflikt mellom irregulære drusarar og tjerkessisk milits.[6]

Seint på 1800-talet byrja amerikanarar og europearar å vitje Majdal Shams. I 1870 opna misjonærar frå Reformed Presbyterian Church of North America ein skule og ei kyrkje i byen. Misjonsskulen var i drift til 1885, då han vart lukka av tyrkiske styresmakter.[7] Majdal Shams trekte òg til seg utanlandske geologar, som William Libbey fordi byen ligg nær eit eksponert lag av fossil frå juratida.[8] Fossil utgrave i Majdal Shams vart sendte til det amerikanske universitetet i Beirut og Harvard University.[9]

Somme reisande skreiv levande skildringar av Majdal Shams. Herbert Rix vitja byen kring 1907, og skreiv at «Heile staden svermar med born, og mange av dei er så vakre at den reisande er først særs tiltrekt av dei.»[10] James Kean, som skreiv om byen i 1890-åra, skildra Majdal Shams som ein «merkverdig landsby» og noterte at han var «kjend for produksjonen av stålklinger.»[11] Verkstader i Majdal Shams lagde framleis suvernirdolkar for europeiske turistar fram til 1950-åra.[12]

Det franske mandatet og sjølvstendige SyriaEndra

Majdal Shams spelte ei viktig rolle i det store syriske opprøret i 1925-1927. I oktober 1925, nokre månader etter syriske drusarar byrja å kjempe mot franskmennene i den nærliggande provinsen Jabal al-Duruz, plyndra ei gruppe drusarar frå byen lokale kristne eigedomar. Styresmaktene i mandatet sende soldatar for å gjenopprette orden, og leiarane i samfunna tok kontakt med leiaren for opprøret for å få hjelp til å forsvare byen mot franskmennene.[13] Som svar leia opprørsleiaren Zaid al-Atrash (bror til Sultan al-Atrash) ein styrke på 1 000 mann til Majdal Shams. Zaid al-Atrash dreiv dei franske soldatane bort frå området og oppretta ein opprørsgarnison i Majdal Shams for å vakte vegen mellom Damaskus og Marjayoun.[14] Garnisonen husa opp til 10 000 opprørarar fram til april 1926, då franske styrkar på ny gjekk til åtak på byen. Under åtaket øydela dei franske soldatane mykje av Majdal Shams og tok livet av kring 80 innbyggjarar.[15]

I byrjinga av 1930-åra, vart Majdal Shams involvert i den politiske utviklinga i det nærliggande Palestina. I det arabiske opprøret i Palestina 1936-39 foreslo den tradisjonelle leiaren Assad Kanj Abu Salah å danne ein lokal milits for å støtte opprørarane. Planen vart ikkje noko av og i følgje forskjellige kjelder vart militsen aldri danna eller deltok berre i eit symbolsk åtak på den syrisk-palestinske grensa.[16] Under den arabisk-israelske krigen i 1948, danna sonen til Abu Salah, Sultan ein milits av 300 lokale menn. Militsen fungerte som betalte leigesoldatar for zioniststyrkane, men støtta seinare frivillig palestinske og arabiske styrkar.[17]

Majdal Shams vart innlemma i eit økonomisk nettverks om strekte seg inn i Libanon og andre delar av Syria. Byen handla lokale druer mot oliven frå Fiq, 50 kilometer mot sør.[18] Menn frå Majdal Shams hausta sedertømmer i Libanon, som dei laga omm til plogar og selde i as-Suwayda.[19] I 1950-åra, reiste somme lokale innbyggjarar til Libanon for å arbeide i bygg- og anleggsverksemd.[20]

Innbyggjarar i Majdal Shams fekk tilgang til syriske, statlege tenester. I 1960-åra var det ein offentleg grunnskule i Majdal Shams. Innbyggjarane gjekk på ein regional vidaregåande skule og registrerte giftarmål i retten i Quneitra.[21] Desse institusjonane var med på å integrere samfunnet i den større regionen og landet.

Israelsk okkupasjonEndra

 
Majdal Shams om vinteren.

Sidan seksdagarskrigen i juni 1967, har Majdal Sham vore under israelsk kontroll.[1]

Under seksdagarskrigen i 1967 søkte innbyggjarar i dei nærliggande byane Ain Fit, Banias, Jubata ez-Zeit og Za'ura tilflukt i Majdal Shams. Etter at israelske styrkar hadde sikra området, søkte tvang soldatane flyktningar langs våpenkvilelinja inn i syrisk-kontrollerte område, men gav innbyggjarane i Majdal Shams og nokre få andre samfunn løyve til å vere i heimane sine.[22] Etter kvart som Israel og Syria bygde festningsverk langs våpenkvilelinja, som gjekk langs austkanten av Majdal Shams, vart samfunnet isolert frå resten av Syria. Mange av innbyggjarane vart skilde frå slektningane sine som levde eller arbeidde i syrisk-kontrollerte område, så mange som minst halvparten av eit søsken, foreldre eller barn.[23]

I 1970-åra arbeidde dei israelske styresmaktene aktivt med å integrere Majdal Shams i Israel. Staten opna ein offentleg grunnskule i Majdal Shams go ein offentleg vidaregåande skule i den nærliggande byen Mas'ade.[24] Desse skulane nytta opphavleg pensum utvikla for arabiske borgarar i Israel, og seinare tilpassa spesifikt for drusarbarn.[25] Israelske styresmakter konfiskerte store mengder privat- og kommunale landområde for militær bruk og øyremerkte uforholdsmessig prosentandel av lokal vassressursar for israelske busetnader.[26] Som følgje av dette måtte mange innbyggjarar som tidlegare hadde arbeidd i jordbruket, tvungen til å søke jobb i israelske selskap, ofte i bygg- og anleggsverksemd.[20]

Majdal Shams heldt tette band til Syria. Innbyggjarane samla seg ofte på austsida av landsbyen med megafonar for å rope meldingar til vener og slektningar på den syriske sida av våpenkvilelinja.[27] Gjennom 1970-åra, og ofte seinare, nekta mange hushaldningar å betale skatt til den israelske staten.[28] I 1981, då det israelske Knesset formelt annekterte[treng kjelde] Golanhøgdene og gav israelsk borgarskap til innbyggjarane i Majdal Shams, arrangerte samfunnet ein 19 veker lang generalstreik i protest. Sjølv om israelske soldatar blokkerte byen og prøvde å tvinge innbyggjarane til å aksepterte ID-kort, klarte demonstrantane å overtyde staten om å klassifisere dei som ikkje-borgarar. Innbyggjarane fekk rett til å søke om israelsk borgarskap individuelt.[29]

I 1970-åra fekk nokre få innbyggjarar frå Majdal Shams løyve til å krysse våpenkvilelinja inn i syrisk-kontrollerte område, anten for å vende attende til slektningar eller for å gå på universitet i Damaskus.[30] I 1990-åra byrja fleire innbyggjarar å få lov å krysse våpenkvilelinja for å utføre religiøse pilegrimsferder eller å gå på universitet. Nokre få kvinner fekk òg løyve til å krysse linja og gifte seg med syriske menn.[31] Dette kryssingsprogrammet er temaet i filmen The Syrian Bride.

GeografiEndra

KlimaEndra

Majdal Shams har eit middelhavsklima, med ein årsmiddelnedbør på 817 mm. Somrane er varme og tørre, og vintrane kjølige og våtare, med høve for snøfall. Klimaet er i Köppen si klimaklassifisering skildra som Csa.

Klimadata for Majdal Shams
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 8.2 9.5 12.9 17.3 22.3 25.7 27.3 27.8 25.7 22.3 16.6 10.7 18 86
Normal min. temp. °C 1.9 2.6 4.7 8.0 11.5 14.5 16.6 16.9 14.8 11.9 8.2 4.3 1,9
Nedbør (mm) 191 163 124 46 22 1 0 0 2 22 81 165
Kjelde: Climate-data.org[32]

DemografiEndra

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Majdal Shams i 2005 8 800 innbyggjarar. Folkeveksten var 2,5% . Forholdet mellom menn og kvinner var 951 kvinner for kvar 1 000 menn. Dei fleste av innbyggjarane er drusarar, men nokre få kristne er òg att etter eit mykje større kristent samfunn som drog frå byen i 1940- og 1950-åra.[33]

Innbyggjarane i Majdal Shams vert rekna som syriske borgarar av dei syriske styresmaktene. Sidan 1981 har dei òg vorte rekna som israelske borgarar av Israel. Sjølv om dei har rett til fullt israelsk borgarskap, er det berre 10 % av drusarane i Golan som har vorte israelske borgarar.[34] Dei som søker om israelsk borgarskap har rett til å stemme, stille som kandidat for Knesset og få israelsk pass. For reiser utanlands, har ikkje-borgarane fått eit laissez-pass av israelske styresmakter. Sidan Israel ikkje anerkjenner det syriske borgarskapet deira, er dei i Israel registrerte som «innbyggjarar i Golanhøgdene.» Innbyggjarane i Majdal Shams vert ikkje kalla inn til verneplikt i det israelske forsvaret.[35]

Som permanente innbyggjarar, er innbyggjarane i Majdal Shams frie til å arbeide og studere i Israel og til statlege tenester som Kupat Holim helseforsikring. Dei kan òg flytte og bu kvar dei vil i Israel.[34]

ØkonomiEndra

 
Kirsebær frå Golanhøgdene.

Byen er omgjeve av eple- og kirsebærhagar.[1] Lokal turisme er ei stor inntektskjelde.[36]

LandemerkeEndra

Ein kilometer aust for sentrum av byen ligg «Ropehaugen», der innbyggjarane brukte å stå med megafonar og snakke med slektningar på den syrisk-kontrollerte sida før mobiltelefonar vart vanleg.[34]

KulturEndra

Majdal Shams har eit blømande kunstmiljø. Lokale band som Toot Ard[37] og Hawa Dafi har turnert internasjonalt. Lokale biletkunstnarar er støtta av Fateh Mudarris Center for Arts and Culture[38]

Majdal Shams vart filma i den prisvinnande filmen The Syrian Bride (2004).

Byen er heimstad til fleire ikkje-statlege organisasjonar, som Golan for utviklinga av arabiske landsbyar [39] og Al-Marsad: Arabisk menneskerettssenter i Golanhøgdene.[40]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Golan Druze celebrate across barbed wire». BBC News. April 18, 2008. Henta 3. juli 2014. 
  2. «هوية الجولان من خلال أسماء قراه وبلداته» (på arabisk). The Directorate-General of Antiquities and Museums. 24. november 2008. Henta 3. juli 2014. 
  3. Herbert Rix, Tent and Testament: A Camping Tour in Palestine with Some Notes on Scripture Sites (London: Williams and Norgate, 1907), 98
  4. Fadwa N. Kirrish, «Druze Ethnicity in the Golan Heights: the Interface of Religion and Politics,” Journal of the Institute of Muslim Minority Affairs 13.1 (1992): 126
  5. G. Schumacher, The Jaulan: Surveyed for the German Society for the Exploration of the Holy Land (London: Richard Bentley and Son, 1888): 10
  6. Drummond Hay, «Despatch No. 76 from Mr. Drummond Hay, Consul-General, Beyrout, to SirPhilip Currie, British Ambassador, Konstantinopel, 6 December 1895, regarding the fears of the Druze of Hermon of an attack by the Chercessians and Kurds,” in Bejtullah Destani ed., Minorities in the Middle East, Druze Communities 1840-1974, Volume 3: 1866-1926 (London: Archive Editions, 2006): 192-194
  7. Papers relating to the Foreign Relations of the US, Transmitted to Congress, With the Annual Message of the President, December 8, 1885 (Washington: Government Printing Office, 1886): 836-839
  8. William Libbey and Franklin E. Hoskins, The Jordan Valley and Petra II (New York and London: G.P. Putnam's Sons, 1905): 353
  9. Charles E. Hamlin, «Results of an Examination of Syrian Molluscan Fossils, Chiefly from the Range of Lebanon Mountains,» Memoirs of the Museum of Comparative Geology at Harvard College 10.3 (April 1884).
  10. Herbert Rix, Tent and Testament: A Camping Tour in Palestine with Some Notes on Scripture Sites (London: Williams and Norgate, 1907): 98
  11. James Kean, Among the Holy Places: A Pilgrimage Through Palestine (London: T.F. Unwin, 1895): 290-294
  12. Munir Fakher Eldin, «Art and Colonial Modernity in the Occupied Golan Heights” (Lecture, Fatah Mudarris Center, Majdal Shams,30. juni 2014)
  13. Lenka Bokova, Laconfrontation franco-syrienne à l’époque du mandat, 1925-1927 (Paris:Editions L’Harmattan, 1990), 220-221
  14. Bokova, La confrontation, 223
  15. Tayseer Mara’i og Usama R. Halabi, «Life Under Occupation in the Golan Heights,” Journal of Palestine Studies 22.1 (Hausten 1992), 78-93; Hassan Khater, Monument to the Maryrs of the The Great Syrian Riot, 1925, Buq’ātha, Golanhøgdene
  16. Laila Parsons, The Druze Between Palestine and Israel, 1947-49 (New York: St.Martin’s Press, 2000): 31; Yoav Gelber, «Druze and Jews in the War of 1948,” Middle Eastern Studies 31.2 (April 1995): 234
  17. Gelber, «Druze and Jews": 233; Kais M. Firro, The Druzes in the Jewis State: A Brief History (Brill: Leiden, 1999): 43-44
  18. Sakr Abu Fakhr, «Voices from the Golan,” Journal ofPalestina Studies 29.4 (August 2000): 9
  19. Abu Fakhr, «Voices»: 14
  20. 20,0 20,1 Munir Fakher Eldin, «Art and Colonial Modernity in the Occupied Golan Heights” (Lecture, Fatah Mudarris Center, Majdal Shams, 30. juni 2014)
  21. Aharon Layish, Marriage, Divorce and Succession in the Druze Family: A Study Based on Decisions of drusarar Arbitrators and Religious Courts in Israel and the Golan Heights (Leiden: E.J. Brill, 1982): 36; Sakr Abu Fakhr, «Voices from the Golan,” Journal of Palestine Studies 29.4 (August 2000): 15
  22. Tayseer Mara’i and Usama R. Halabi, «Life Under Occupation in the Golan Heights,” Journal of Palestine Studies 22.1 (Autumn 1992): 79
  23. Peter Ford, «Families Long for an End to Shouting,” Christian Science Monitor (27. oktober 1992): 7
  24. “The Struggle of Identity Between the israelske Education System and the Syrian Arabic Programs: Paper Presented By Al Marsad, the Arabic Center for Human Rights in the Occupied Syrian Golan, on Behalf of the Convenio 2015 at the WEF Forum, Haifa, 30. oktober 2010” (Lecture, WEF Forum Haifa, 30. oktober 2010); Bashar Tarabieh, «Education, Control, and Resistance in the GOlan Heights,” Middle East Report 195/195 (Mai-august 1995): 44
  25. The Struggle of Identity Between the israelske Education System and the Syrian Arabic Programs: Paper Presented By Al Marsad, the Arabic Center for Human Rights in the Occupied Syrian Golan, on Behalf of the Convenio2015 at the WEF Forum, Haifa, 30. oktober 2010” (Lecture, WEF Forum Haifa, 30. oktober 2010); Mara’i and Halabi, «Life Under Occupation”: 81
  26. Al-Marsad: The Arabic Center for Human Rights in the Occupied Syrian Golan, «The Occupied Syrian Golan: Background” (Majdal Shams: Al-Marsad, The Arabic Center for Human Rights in the Occupied Syrian Golan, 2010)
  27. Hannah Russell ed., Breaking Down the Fence: Addressing the Illegality of Family Separation in the Occupied Syrian Golan (Majdal Shams: Al-Marsad, The Arabic Center for Human Rights in the Occupied Syrian Golan, 2010).
  28. Felicia Langer, With My Own Eyes: Israel and the Occupied Territories 1967-1973 (London: Ithaca Press, 1975): 118-119
  29. The Bitter Year: Arabs Under israelske Occupation in 1982 (Washington, D.C.:Arab-amerikansk Anti Discrimmination Committee, 1983): 16
  30. Hannah Russell ed., Breaking Down the Fence: Addressing the Illegality of Family Separation in the Occupied Syrian Golan (Majdal Shams: Al-Marsad, The Arabic Center for Human Rights in the Occupied Syrian Golan, 2010):49; Bashar Tarabieh, «Education, Control, and Resistance in the Golanhøgdene,” Middle East Report 195/195 (Mai-august 1995): 44
  31. Bashar Tarabieh, «The Syrian Community on the Golan Heights,” The Link 33.2 (April–May 2000): 8
  32. «Climate: Majdal al-Shams». Henta 3. juli 2014. 
  33. Fadwa N. Kirrish, «Druze Ethnicity in the Golan Heights: The Interface of Religion and Politics,» Journal of the Institute of Muslim Minority Affairs 13.1 (1992), 122-135
  34. 34,0 34,1 34,2 In the Golan Heights, Anxious Eyes Look Aust
  35. Religious Freedoms: Druze
  36. Majdal Shams residents unhappy with Syria infiltration attempts, Haaretz
  37. http://www.haaretz.com/culture/arts-leisure/music-that-straddles-the-jamaica-algeria-border-live-from-the-golan-heights-1.386912
  38. http://rt.com/news/druze-golan-heights-israel/
  39. http://www.jawalan.org
  40. http://www.golan-marsad.org