Kaurtang
Kaurtang er ei vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.
Kaurtang | |
Kaurtang | |
Systematikk | |
Rike: | Det gule riket Chromista |
Rekkje: | Ochrophyta |
Underrekkje: | Phaeista |
Klasse: | Brunalgar Phaeophyceae |
Orden: | Tang Fucales |
Familie: | Fucaceae |
Slekt: | Fucus |
Art: | Kaurtang F. spiralis |
Vitskapleg namn | |
Fucus spiralis |
Utsjånad
endre5-10 cm høg brunalge som ofte vert forveksla med blærelause småindivid av blæretang. Kaurtangen manglar blærer, og skota er noko spiralsnodde med midtnerve. Kjønnsorgana sit i urneliknande groper i oppsvulma greinspissar (receptaklar). Receptaklane på kaurtangen er runde og gulbrune, på blæretangen meir eller mindre avlange. På kaurtangen er receptaklane dessutan omgjevne av ein liten steril kant. Han- og hoorgan vert utvikla på same planta og om sommaren. På blæretange vert dei utvikla på ulike plantar i april-juni..
Utbreiing
endreTangen finst vanleg langs strandlinene på atlanterhavskystane i Europa, Kanariøyane og Nord-Amerika.
Førekomst i Noreg
endreKaurtangen veks gjerne i eit belte like over blæretangbeltet, og trivst på skjerma stadar og helst på nordvende svaberg. Finst langs heile kysten, men sparsamt i Skagerrakområdet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fucus spiralis» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Kaurtang hos Artsdatabanken
- (en) Kaurtang – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Kaurtang i Encyclopedia of Life
- (en) Kaurtang i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kaurtang hos Dyntaxa
- (en) Kaurtang hos ITIS
- (en) Kaurtang hos NCBI
- (en) Kategori:Fucus spiralis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Fucus spiralis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Fucus spiralis – detaljert informasjon på Wikispecies