Kaw-Liga
Kaw-Liga av Hank Williams frå albumet The Memorial Album | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1953 | |
Innspelt | September 1952 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:34 | |
Komponist | Fred Rose, Hank Williams | |
Tekstforfattar | Fred Rose, Hank Williams | |
Låtskrivar(ar) | Hank Williams og Fred Rose | |
Hank Williams-kronologi | ||
«You Win Again» (1952) |
Kaw-Liga | «Take These Chains from My Heart» (1953) |
«Kaw-Liga» er ein countrysong skriven av Hank Williams og Fred Rose. Akkompagnert av Drifting Cowboys spelte Hank Williams inn songen i Nashville i september 1952 og singelen vart gjeve ut posthumt i januar 1953 på MGM Records. Han vart først gjeven ut av Champ Butler. Songen låg på toppen av Billboard Country-lista i 14 veker. B-sida, «Your Cheatin' Heart, låg seks veker på toppen av country-lista.[1] Kawliga er ein stad sentralt i Alabama ved Lake Martin. Han er kalla opp etter ein legendarisk indianarar som det står ein trestatue av nær innsjøen. Songen vart skriven av Williams då oppheldt seg i ei hytte her.
Song Endra
«Kaw-Liga» er ein song om ein treindianar, Kaw-Liga, som vart forelska i ei «indiansk kvinne i ein antikvitetsforhandlar» men fortel ho ikkje dette, som teksten seier:
- Too stubborn to ever show a sign,
- Because his heart was made of knotty pine.
Indianarkvinna ventar på eit teikn frå Kaw-Liga, men han anten nektar eller er for fysisk/kjenslemessig ustabil, som ein stoisk stereotypisk indianar.[2] Songen endar med at indianarkvinna vert kjøpt og ført bort frå antikvitetsforretninga og Kaw-Liga endar opp aleine,
- As lonely as can be,
- And wishes he was still an ol' pine tree.
Andre versjonar Endra
Sonen til Hank Williams, Hank Williams jr., spelte inn ein versjon som nådde 12. plassen på Billboard country singles-lista sommaren 1980.
«Kaw-Liga» er òg blitt spelt av andre artistar som Charley Pride, Roy Orbison, Marty Robbins, Loretta Lynn, Boxcar Willie, Johnny Cash, Don McLean, Big Sandy & His Fly-Rite Boys, New Riders of the Purple Sage og Jayke Orvis & the Broken Band.
Avantgarde-bandet The Residents spelte inn songen for albumet Stars & Hank Forever: The American Composers Series, og erstatta musikken med basslinja frå Michael Jackson sin «Billie Jean». Dette var truleg ein referanse til kona til Williams som heitte Billie Jean.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Kaw-Liga (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jim Dawson, & Steve Propes (1992). What Was the First Rock'n'Roll Record. Boston & London: Faber & Faber. s. 111–114. ISBN 978-0-571-12939-3.
- ↑ Kaw-Liga, arkivert frå originalen 1. november 2006, henta 1. mars 2015